onsdag 18. oktober 2023

Korleis fikse korrupte Windows-filer (Win10)

No og då hender det at Windows ikkje vil starte. Du blir møtt med den gruvekkjande blåskjermen og Windows seier at du må setje inn installasjonsmedia. Kva for installasjonsmedia? Windows 7-plata di? Det hjelper lite på Windows 10.

Kommandolineverktøyet

Er eg rar som synast at det høyrast betre ut med «verktyet» enn «verktøyet»?

Skjermbilete som syner prosessen med sfc/scannow
Skjermbilete som syner prosessen med sfc /scannow.

Det du må gjere er ikkje vanskeleg, og det kan vere lurt å gjere det med jamne mellomrom, gjerne ukentleg og iallfall kvar gong du har installert ei oppdatering. Start med å taste  + R. Du får då opp Køyr-vindauget. Her tastar du inn ein enkel kommando, cmd, men ikkje trykk Enter eller klikk OK-knappen. For å kunne gjere neste operasjon må du opne kommando­line­verktøyet som admini­strator; du gjer dette med å heller trykke Ctrl + Skift + Enter. Du får då opp eit spørs­mål om du vil køyre programmet:

Dialogvindauge Gjere endringar
Dialogvindauge som spør om du vil gjere endringar. Ti poeng til den som kan fortelje meg kva skrivebordsbakgrunn eg har.

Klikk Ja på spørsmålet. Du får no opp kommandolineverktøyet, det som ser ut som DOS. (Med mindre ein var blant dei som installerte noko à la FreeDOS, då.) Her treng du berre å gjere ein ting, gjerne to gonger: tast sfc /scannow og lat programmet køyre ferdig. Om alt går godt, greier det å reparere installasjonen din. Køyr programmet ein gong til når du er ferdig, berre for å sjekke at alt er på stell.

Når du er ferdig, er det berre å skrive exit og trykke Enter eller trykke Alt + F4 for å avslutte kommandolineverktøyet.

Automatisering

Gjer dette gjerne ofte og regelmessig. Men er du som eg, kjem du ikkje til å hugse å gjere det. Då kan det vere greitt å nytte seg av Windows’ automati­serings­verktøy. Som over kan du opne dette via Køyr-vindauget, so berre tast  + R att. Denne gongen skriv du taskschd.msc og tastar Enter på vanleg vis.

I vindauget som kjem opp, vel «Opprett oppgave…»; du får no opp eit vindauge med fem faner.

Generelt

Gjev oppgåva eit passande namn, so som «Windows-installasjonvedlikehald». Fyll inn ei forklåring under «Beskrivelse»; eg skreiv Vekentleg scanning for å sjekke at Windows-installasjonen er OK. Under «Sikkerhetsalternativer» vel at oppgåva berre skal køyre medan du er pålogga og huk av for «Kjør med høyeste tilgangsrettigheter». Nedst er det ein rullegardinmeny under «Konfigurer for». Her veljer du Windows 10 (viss det er det du køyrer).

Klikk fana Utløsere.

Utløsere

Her kan du velje kor ofte du vil at oppgåva skal gjerast; eg valde vekentleg, men dette veljer du sjølv etter kva du ønskjer. For å setje opp planen, klikk knappen Ny… nedst. Med tanke på kor ofte Windows-oppdateringar kjem, trur eg ikkje at eg ville ha gjort det so sjeldant som månedleg. Klikk OK når du er nøgd. Viss du vil endre ho etter å ha lukka ho, kan du klikke oppgåva att og velje Rediger….

Klikk fana Handlinger.

Handlinger

Klikk Ny… for å lage oppgåva du vil gjere. I rullegardinmenyen «Handling», velj «Start et program». Under «Program/skript» tast inn sfc og under «Legg til argumenter (valgfritt)» tastar du /scannow. (Viss du skriv sfc /scannow under program, kjem vindauget til å spørje deg om du vil ha med /scannow som eit argument i staden.) I «Start i (valgfritt)» skriv du inn cmd. Klikk OK

Klikk fana Betingelser.

Betingelser

Her kan du leggje inn krav til når oppgåva kan køyrast. Viss du til dømes ikkje vil at spelinga di skal bli avbroten, kan du leggje inn at maskina skal ha vore inaktiv i nokre minutt fyrst. Eg valde 5 minutt inaktivitet og at oppgåva skal vente på inaktivitet i 2 timar.

Klikk fana Innstillinger.

Innstillinger

Her kan du eigenleg berre late ting stå som dei er, men du kan sjå over om det er noko her du helst vil ha annleis. Eg la inn at oppgåva skal prøvast på nytt ti gongar kvart femtande minutt om ho ikkje skulle køyre.

Når du er nøgd med alt, klikk OK.

Oppsummering

Det var det! Godt gjort! Korleis gjekk det? Etter å akkurat ha redda maskina mi frå blåskjermhelvete, trur eg at det å ha lagt inn denne nye oppgåva kjem til å kunne redde skinnet mitt nokre gongar i framtida. Fortel meg gjerne korleis det gjekk med deg. Var det noko som ikkje fungerte i rettleiinga mi, so er eg veldig glad for å få tilbakemelding på det. Lykke til!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.