Koboltar er artige vesen og skumle som ei hulder i høstmørker. Ja, dei er ynkjelege, små krek som stikk av før ein rekk å seie Koboltar er feige som frandorprefekten
, men om det kjem mange nok av dei, gjer du klokt i å snu og bravely run away
. I HackMaster er dei om mogleg endå skumlare enn i Dungeons & Dragons, av di dei mellom anna er éin av kun to humanoide rasar som har bonus på intelligens. So er dei spelbare?
Eg har tidlegare skrive éin post om andre spelarrasar: Ny Hackmaster-rase: gnobbit, datert 20. september 2022.
Du kan òg få ein oversikt over alle Hackmaster-postane mine.
Opphav
Eg skreiv opphavleg om dette i Google+-gruppa HackMaster 5th Edition. Teksten då var på engelsk; han kjem her i omsett versjon. For dei som skulle ønskje å lese originalen, er det nok lite håp; eg har til dags dato ikkje funne nokon måte å sjå gamalt Google+-innhald på, for so vidt eg har greidd å finne ut, er det ikkje lagra på The Internet Archive eingong.
Eg fekk faktisk sjansen til å prøve ut denne rasen ein enkelt gong: kobolten min Krakkh Vraff døydde hardt og brutalt i Yngvild si kampanje.
So kva tenkte eg den gong då eg sette saman rasen til ei spelbar spelarrase? Her er innleiinga mi:
Rules for Creating a Kobold PC class
Millenia of being bullied by the larger races have taught kobolds that the path to survival lies in having no mercy for the meek, and outwitting the strong. They are expert trapmakers, and decent at crafting weapons from wood. Sometimes, they might even farm the land! Don’t be fooled by their aggressive nature, yet cowardice fighting; they are clever and know how to use their surroundings to their advantage. After all, how else could they have survived for so long?
Reglar for å lage ein koboltspelarklasse
Tusenår som mobbeoffer for storrasane har lært koboltar at vegen til å overleve er i å ikkje syne nåde til dei mjuke og å overliste dei sterke. Dei er ekspertfellemakarar og dugelege på å lage trevåpen. Nokre gongar kan dei til og med dyrke jorda! Bli ikkje lurt av det aggressive lynnet deira trass feigskapen i strid; dei er kløktige og veit korleis dei skal nytte omgjevnadane sine til eigen fordel. Når det kjem til stykket, korleis skulle dei elles ha overlevd so lengje?
Reglar
I det vidare kjem det du treng å vite om korleis du skipar ei koboltspelarrolle.
Rasefordelar og ‑ulemper med koboltar
Koboltar har dei følgjande rasefordelane og ulempene:
Utmerkte fellemakarar
Dei har teft for å lage feller og får difor eitt gratis kast på avvæpn felle, finn felle og fellemaking med +3 i rasebonus (eller relevant evneverdi, kva enn som er høgare) under rolleskiping. Dei får vidare +3 i bonus på desse dugleikane på kvar ein grad deretter og kan kjøpe kast for å forbetre dei til halv byggepoengkostnad.
(Her lurte eg i den opphavlege posten min på om eg heller skulle setje dette til 3⁄4 byggepoengkostnad, men eg trur det ikkje er nødvendig.)
Desse dugleikane kan vel å merkje aldri bli betre enn avansert dugleiksnivå utan at kobolten får formell trening eller tilgang til bøker om ingeniørarbeid. Alle bonusane over føreset at kobolten vaks opp i ein koboltstamme.
Dugelege gardbrukarar
Av ein eller annan uforklarleg grunn er koboltar faktisk dugelege gardbrukarar, særleg når ein tek omsyn til kva slag landejord dei blir overlatne til å dyrke. Ei fersk koboltrolle har 35 % sjanse til å ha tolmodet som krevjast for å bli ein dugeleg gardbrukar. Om dette heppekastet skulle lukkast får kobolten eitt gratis kast på gardbrukar-dugleiken under rolleskipinga.
På kvar nye grad deretter får rolla – om spelaren har synt interesse for det – ein +3-bonus på gardbrukar-dugleiken sin. Denne bonusen kan ikkje forbetre rolla til meir enn vanleg dugleik. Å bli ein avansert eller betre gardbrukar krev faktisk trening.
Handverkarar
Koboltar veit korleis dei skal stelle for seg og stammen sin og er difor dugelege handverkarar. Dei får eitt gratis kjøp av tilverk (kurvfletting) og tilverk (pilfletting). Koboltar er dessutan dugelege buemakarar og pilmakarar og får eitt gratis kjøp av tilverk (boger) og tilverk (piler). Alle desse tinga føreset at kobolten blei oppfostra i ein koboltstamme.
Koboltar er dårlege smedar, uavhengig av type smiing, og ingen koboltar forutan i legendesoger har nokon sinne sikta mot å bli gode metalltilverkarar. Difor, når ein kjøper kast på metallarbeidsdugleikar, bruk éin terning dårlegare (det vil seie ein t10g for ein t12g, ein t6g for ein t8g og so bortetter). Vidare kan kvar kjøpte terning gjennombore kun éin gong.
Overlevarar
Koboltane sin føretrekte stridsmåte er å halde seg ute av syne og åtake eventyrarar som er dumme nok til å ikkje følgje med på omgjevnadane sine. Føresett at spelarrolla blei oppfostra i ein koboltstamme, får ho følgjande bonusar:
Koboltar får eitt gratis kjøp av gøyming og sniking under rolleskiping. Dei har store øyre som lèt dei på enklare vis høyre overfallsmenn (og bytte) på stor avstand; dei får difor eitt gratis kjøp av lytting og ein rasebonus på +3 (eller relevant evneverdi, kva enn som er høgare) når dei kjøper denne dugleiken.
Viss kobolten blei oppfostra i villmarka, kjenn den spirande kobolteventyraren òg til korleis han overlever i villmarka, sidan han sjølv er på grensa til å vere eit villdyr – iallfall blir dette gjerne hevda av sokalla meir intelligente rasar. Dei får difor eitt gratis kjøp av overleving, sporing og bålbygging.
Om eg skulle ha med bålbygging eller ikkje, var eg òg usikker på. Eg tek det med her. Koboltane treng ikkje å grille maten sin for å kunne ete han, men som høgareståande vesen føretrekk dei å spise maten sin med litt færre trikinar og E. coli. Ein elle annan gong fann ein kløktig kobolt ut at dei som spiste mykje rått kjøt fekk meir nyreskadar.
I tillegg, avhengig av stammerolla deira, altso om dei var gardbrukarar, jegarar eller krigarar, kan koboltspelarroller byrje med anten talentet arbeidar, langdistanselauping eller turgåring/marsjering til halv byggepoengkostnad.
Våpen- og panserkunne
Stammekulturen lærer alle koboltar korleis ein nyttar enkle våpen, særleg kortspjut, kortsverd samt dolkar og knivar, og dei får difor kunne med desse våpena gratis, føresett at spelarrolla blei oppfostra i ein koboltstamme, altså: våpenkunne (kortspjut), våpenkunne (kortsverd) samt våpenkunne (dolk) og våpenkunne (kniv).
Sidan dei fleste kan lage boger, kan dei kjøpe våpenkunne (kortboge) til halv pris.
Dei kan òg å bruke små, enkle skjold og får skjoldkunne med handskjold og små pileskjold (SR 4, ubrukande etter éin kamp) gratis. (Dette jamfør HoB 197 og kamprosettkommentarar s. 198.)
Dyrekjennskap
Koboltar er dyktige på dyrehald og kommuniserer lett med dyra. All ferske roller får eitt gratis kast på dyreetterlikning, skjønt dei har litt annleis progresjon:
Meistringsgrad | Ljodar |
---|---|
Nybyrjar | Dyreljodar (ulv, bjørn, hund) |
Vanleg | Ropa til dyr inntil storleik M (mellom) |
Avansert | Fugleljodar |
Ekspert | Ropa til dyr inntil storleik S (stor) |
Meister | Ropa til dyr inntil storleik G (gigantisk) |
Dei får òg eitt gratis kast på dyretrening (hundar) og dyretrening (røyskatter) og kan kjøpe eitt kast på dyretrening (villsvin) til halv pris. Når dei graderer seg, får dei ein +3-bonus på dyreetterlikning og dei tre nemnde dugleikane i dyretrening, so framt rolla har brukt tid under eventyra på å spisse dei. Vidare forbetring i dyreetterlikning får ein til halv byggepoengkostnad, men ikkje forbi avansert nivå; ekspertnivå og vidare kostar full byggepoengkostnad. Forbetring i dei tre dyretreningsdugleikane er til halv BP-kostnad.
Språk
Koboltar byrjar spelet med deira eige koboltspråk samt evna til å kommunisere med andre hundedyr (dyr i slekta Canis). Dei har òg eit eige teiknspråk (som rolla får som kunne), men ein kan kun kommunisere enkle ting med dette. Koboltroller er påkravde å ha minimum nybyrjarmestring av eit lokalt menneskjespråk (eller eitt som hakkemeisteren slår fast er fornuftig).
Tøffe, små jævlar …
Sjølv om koboltar ikkje tålar mykje juling, lèt den tjukke pelskledde huden deira dei riste av seg noko av skaden. Spelarrollekoboltar får difor talentet tjukkhuda.
… men lettskremte.
Ferske koboltspelarroller har skrullenskapen feiging. Koboltar er ikkje kjende for motet sitt – ville koboltar er nervøse og byrjar å springe det augneblunket dei trur dei ikkje kan vinne – men sidan det krev litt meir mot å setje seg i sinne å fare ut på eventyr og skape seg eit namn, får dei ti byggepoeng om kastet deira på urokkelegheitstabellen (eller kanskje heller: «rokkelegheitstabellen») skulle ende opp med 11–12, altså at spelarrolla deira er nervøs.
Merk at nye koboltspelarroller ikkje får meir enn 10 byggepoeng frå denne skrullenskapen; kast betre enn 11 (altso 1–10) gjev ingen byggepoengbonus.
Forhatte og føretrekte raser
Koboltar hatar hobbitar (i kampanjane mine er «halvling» utelukkande nedsetjande) intenst og er påkravde av sjølve naturen deira å drepe dei ved fyrste augekast. Koboltar har generell mishug til andre humanoide. Koboltar trivst godt med gnollar.
Andre (spelar)rasar (forutan gnollar) hatar koboltar. For langt dei fleste er dei teikn på kun grufulle ting: drap, lemlesting, bortføring og anna liding. Følg reglane for grel (døkkalvar) for korleis ein handterer dette.
Klassekostnadar for koboltar
Eg var, då eg fyrste gong la han ut, ikkje sikker på kva eg skulle setje klerkane på og foreslo 50–70 byggjepoeng. Eg sette opphavleg sjarmøren til 70 byggjepoeng, men strauk han seinare ut. Eg trur eg vil take han inn att, men setje prisen endå noko høgare: 75 byggjepoeng. Kvifor? Det er særs vanskeleg for so forhatte vesen å overhodet få tilgang til treninga dei treng for å mestre faget.
Klasse | BP | Kommentar |
---|---|---|
* Frå HoB s. 198: Koboltar har sjeldan heksedoktorar med kun ein 10-prosents sjanse for at det skal finst ein i leiren. | ||
Krigar | 30 | Svak, men ilter og vill – og kløktig. |
Knekt | I/T | Kun for menneskjer. |
Riddar | I/T | Kun for menneskjer. |
Jeger | 40 | Lågare visdom (−1) enn hobbitar. |
Barbar | 55 | Ikkje vis, men intelligent. |
Tjuv | 20 | Peislestane har +1 Int |
Sjarmør | 75 | Med karisma på −3 og forhatt av alt som kan krype og gå (bortsett frå gnollar), er dette mest umogleg for dei. |
Leiemordar | 30 | Snikjardæklar. |
Trollmann | 40 | Smarte, men dårleg tilgang på bøker.* |
Krigartrollmann | 35 | (Sjå over.) |
Krigartjuv | 25 | (Sjå over.) |
Trollmanntjuv | 30 | (Sjå over.) |
Klerk | 60 | Alle tenkjande vesen har heilagfolk, men koboltane sine stammesamfunn er sopass dårleg organiserte at dei sjeldan får bygd nok til å kunne støtte opp at éin enkelt kan kun gjere dette virket. |
Biologi
Livsløp
Koboltar har kort livsløp, vanlegvis rundt 40 år, skjønt nokre oldingar har levd til å bli 65 år eller meir.
(HoB s. 199.)
Høgd og vekt
Koboltar er rundt 3′ høge; hannkoboltar er i snitt 1″ høgare og 3–5 ℔ (pundligaturen – av di eg kan, og av di eg er typofil) tyngre enn tispene. I store stammar kan alfahannen vere 5′ høg. Høyr med hakkemeisteren din om du vil spele ein kobolt som er større enn liten, sidan dette kjem til å påverke grunnevnene hans.
Normalt store koboltar er 40–50 pund tunge; gjennomsnittleg BMI er difor 20,6.
For å avgjere kobolten si høgd og vekt, bruk tabellane lengre ned.
Grunntrekk for koboltar
For å lage kobolten, bruk dei følgjande justeringane på 6(3t6 + t%)-kasta dine.
Evnejusteringar | Kampjusteringar | Hendigskap | Farskap |
---|---|---|---|
† Rasebonusar. | |||
‡ Henta frå grunnverdiane i HoB. | |||
−5 styrke +1 intelligens −1 visdom +1 smidigskap −3 uthald −2 utsjånad −3 karisma |
−1 fart† +4 forsvar† skadereduksjon 1† +3 initiativ‡ +2 åtak‡ −3 skade‡ |
Bruk verdiane til alvar | Alle koboltar er uektefødde, men det er ikkje uvanleg at dei veit kven faren var om han var mektig. Koboltar blir fødde i kull på 4–12 (kast 4t3). |
Høgd og vekt
Merk at det ikkje står noko om hoer som blir mellomstore eller store; tabellen nedom er difor begrensa til 40 + 1t5 tommar for hoene. Sjansen for å få ein hann som er 4′ 4″ høg er 1:1 6662⁄3. Sjansen for å få ein hann som er 5′ høg er 1:24 000.
Eg trur at utrekninga over er rett.
Kast t12 | BMI |
---|---|
Trekk frå éin på resultatet for hoene, då dei har mindre muskelmasse. | |
01–02 | 18 |
03–04 | 19 |
05–09 | 20 |
10–11 | 21 |
=12 | 22 |
Kast (t100g) | Høgd i tommar* | Fot | Alder |
---|---|---|---|
* Viss du spelar ei hoe, trekk frå 1″. | |||
† Største høgd for hoene. | |||
‡ Auk med éin ytterlegare for kvar terning som er gjennomborande. | |||
** Ingen har nokon sinne komen over eit større individ, iallfall som det finst nedteikningar over. | |||
01–04 | 30″ | = 2 1⁄2′ | |
05–05 | 31″ | ||
09–16 | 32″ | ||
17–24 | 33″ | = 2 3⁄4′ | |
25–36 | 34″ | ||
37–41 | 35″ | ||
42–56 | 36″ | = 3′ | |
57–71 | 37″ | ||
72–83 | 38″ | ||
84–91 | 39″ | = 3 1⁄4′ | |
92–95 | 40″ | ||
For resultata 96–105 kan hoene ikkje få gjennomborande terningar. Høgste moglege prosentterningverdi for hoene er 105. | |||
96–99 | + 1t3g″ ♂ + 1t3″ ♀ ~ 42 1⁄2″ |
~ 3′ 6 1⁄2″ BMI +1 | |
100–102 | + 1t4g″ ♂ + 1t4″ ♀ ~ 43″ |
~ 3′ 7″ BMI +1 | |
103–105 | + 1t5g″ ♂ + 1t5″ ♀† ~ 43 1⁄2″ |
~ 3′ 7 1⁄2″ BMI +1 | |
106–108 | + 1t6g″ ♂ ~ 44″ |
~ 3′ 8″ BMI +1 | |
109–110 | + 2t3g″ ♂ ~ 45″ |
~ 3′ 9″ BMI +1 | |
111–112 | + 2t4g″ ♂ ~ 46″ |
~ 3′ 10″ BMI +1 | |
113–114 | + 2t5g″ ♂ ~ 47″ |
~ 3′ 11″ BMI +1 | |
115–116 | + 2t6g″ ♂ ~ 48″ |
~ 4′ BMI +2 | Tidlegast fylte 30 år |
117–119 | + 2t8g″ ♂ ~ 50″ |
~ 4′ 2″ BMI +2 | Tidlegast fylte 30 år |
120–122 | + 3t6g″ ♂ ~ 52″ |
~ 4′ 4″ BMI +2 | Tidlegast fylte 35 år |
123–124 | + 3t8g″ ♂ ~ 55″ |
~ 4′ 7″ BMI +3 | Tidlegast fylte 40 år |
125–126 | + 3t10g″ ♂ ~ 58″ |
~ 4′ 10″ BMI +4 | Tidlegast fylte 45 år |
127 | + (4t6g + 1)″ ♂ ~ 59″ |
~ 4′ 11″ BMI +5‡ | Tidlegast fylte 47 år |
128** | + 4t8g″ ♂** ~ 60″** |
~ 5′** BMI +6‡ | Tidlegast fylte 50 år |
Oppsummering
Er denne stakkars kobolten liv laga? Og kva kan ein nytte han til om ein ikkje vil spele han sjølv? Om ikkje anna kan dette over vere eit godt grunnlag for å lage ei spanande ikkjespelarrolle (ISR). Ein skal aldri undervurdere spelarane si interesse for ISR-ane ein sleng på dei, skjønt ein skal heller aldri overvurdere ho. Kor mange spelleiarar har vel ikkje opplevd at han eller ho dei brukte timesvis, dagesvis, kanskje ukesvis på å tenkje ut, var fullstendig uinteressant for spelarane, medan den ein kokte ihop på 3,7 sekund fordi nokon spurde Korleis ser han ut? Kva heiter han?
, plutselig blir favoritt(fienden) deira? På mange måtar var Rubina ei slik ei.
Det siste eg skreiv i den opphavlege posten var dette:
Vidare kommentarar
Dette er grunnidéane mine. Alt av forslag er meir enn velkomne. Informasjonen over er grunngjeven i tabellane og informasjonen eg fann i både PHB og HoB i tillegg til tankane mine om korleis koboltar verkar. Dei har blitt gjorde meir til stammefolk i HM enn i D&D (i tillegg til å bli hunde- i staden for firfisledyr), som eg ikkje har noko imot i det heile. Eg hadde likevel likt å sjå dei spela ut på eit vis som gjer at ein hugsar dei: som utspekulerte, djevelske, vanvittig farlege peislestar som med største sannsyn kan utslette ei 15. grads gruppe som er dum nok til å prøve å invadere heimen til koboltane.
Eg vonar eg skal greie det ein gong. Mellombels får eg late meg inspirere av det eg tenkte ut den gong då. Eg ser at eg hadde ein merknad om symjing i notatane mine frå den gong då, og eg har gjort nokre endringar frå då eg posta det, som eg har tatt med her, som til dømes å rette opp i feilen i høgdekartet frå då. I tillegg har eg gjort sjarmøren mogleg att og landa på ein pris på klerkane. Eg vonar du finn det nyttig å spanande å prøve ut, og om du skulle ha tankar om han, må du gjerne skrive i kommentarfeltet.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.