mandag 12. september 2022

Ei rosenrot

I går hjalp eg Yngvild å grave opp nokre roser som ho skal ha med seg når ho flyttar. Den eine var ei sped lita busk, berre rundt 15 centimeter høg, men ho vaks opp frå ei gamal, mykje større rot. Det er klårt at det er best for planten å få fare til den nye bustaden sin med so mykje av rota som mogleg, men det var ikkje nokon måte å få plass til heile rota i ein sekk jord. Me såg på rota og kom fram til at der rota delte seg, kunne me kanskje kappe ho. Den korte forgreininga hadde fleire smårøtter som vaks ut frå seg, medan den lange forgreininga berre var ei tjukk rotgrein. Me tenkte at mesteparten av livskrafta låg i den lange biten av rota, so me fann fram øksa, kappa av enden, og eg foreslo at me brente den andre enden, so ho kom til nytte.

Rosenrot som brenn i kaminen
Rosenrot som brenn i kaminen til Yngvild.

Då me gjekk inn, fleipedikta me litt om denne rosenrota. Eg trur me sa ei allitererande line som var noko i retning av brors brekte bein brenn eller noko i det lendet, og noko gladvaldeleg vitsing. Men det fekk meg til å tenkje, og noko byrja å take form i hovudet mitt. Eg fekk lyst til å skrive noko i gamal stil, noko som leika med bokstavrim, noko som sa noko om korleis den eine måtte døy for at den andre skulle leve, noko om at den eine gav oss varme no, den andre seinare. Eg sat og tenkte godt og lengje, og det eg kom opp med nyttar bokstavrim, spegling mellom fyrst og siste line, khiastisk bokstavrim i tredje og sjette line, og eit kanskje litt enkelt enderim midt i. Eg syntest no det blei fint lell:

Bjart brenn bror meg å myndast:  kjærleg øksa,  du til peiseld,  eg til jorddeld,  økslast kjekt  stolt ved strileeng,  blir å blømast bjart.

Bror brenner klårt for at eg skal få vekse til vaksen alder. Me blei skilde med øks, men ikkje i låkskap, heller for å gjere oss godt. Du blei hogd for å varme med eld, eg for å byrje å spre varme med å slå rot i ei jordgrop; eg skal gledeleg vakse meg stor og få mange fleire blomar attmed huset som står ved enga i strilelandet, og med dei mange blomane skal eg skjønt og klårt lyse opp tunet.

Eg fekk no gledje av dette lille verset. Kanskje du med?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.