lørdag 27. august 2022

Lingua latīna (LLPSI): Forskjellen på «nam» og «quia»

Bilete av alle LLPSI-bøkene eg har (frå venstre til høgre): leseboka, arbeidsboka, lærarark, minigrammatikken og bakgrunnsstoffet.
Bilete av alle LLPSI-bøkene eg har (frå venstre til høgre): leseboka, arbeidsboka, lærarark, minigrammatikken og bakgrunnsstoffet.

Det er for meg ingen tvil om at det desidert beste latinkurset ein kan investere i, er Hans H. Ørberg sitt Lingua latīna per sē illūstrāta. Eg har tidlegare vore gjennom både det amerikanske Wheelock-kurset og det norske Omnibus, og begge desse har det same problemet: det professor emerita Synnøve des Bouvrie omtala som «rebusløysing». Du blir ikkje god i latin av dei, men du blir veldig god til å bruke ordbøker og grammatikkar. LLPSI brukar derimot naturmetoden: Du lærar språket med å bruke det. Ikkje eitt ord i kurset er på noko anna språk enn latin, og det verkar nesten feilfritt. Her og der er det likevel eitt og anna småord som eg ikkje får heilt styring på, og denne gongen er det orda nam kontra quia. Kva tyder dei?

Om quia

Første gang ein møter på quia i LLPSI, er i kapittel Ⅲ line 26, Puer improbus. I teksten står følgjande dialog:

Aemilia Quīntum interrogat: Cūr Iūlia plōrat?
Quīntus respondet: Iūlia plōrat, quia Mārcus eam pulsat.
Aemilia: Quid? Puer parvam puellam pulsat? Fū! Cūr cur …? … quia … Mārcus Iūliam pulsat?
Quīntus: Quia Iūlia cantat.
Aemilia: Ō Iūlia, mea parva fīlia! Mārcus puer probus nōn est; Mārcus est puer improbus!

Aemilia spør Quīntus: Kvifor græt Jūlia?
Quīntus svarer: Jūlia græt av di Mārcus slo ho.
Aemilia: Kva? Slo guten den vesle jenta? Fy! Kvifor slo Mārcus Jūlia?
Quīntus: Av di Jūlia sang.
Aemilia: Å Jūlia, den vesle jenta mi! Mārcus er ikkje ein skikkeleg gut; Mārcus er ein uskikkelig gut!

Seinare treff me på fleire liknande setningar: Aemilia Quīntum interrogat: Ubi est Iūlius? Cur nōn venit? […] Respondet Mārcus: Pater dormit. Tilsvarande lenger ned: Cūr Iūlius Quīntum nōn audit? Iūlius eum nōn audit, quia dormit. Slik brukar Ørberg sin tekst gjentatte døme på å lære ein kva orda cur og quia tyder: kvifor og av di. Men kva med nam?

Om nam

Fyrste gong me treff på ordet nam er i kapittel Ⅵ line 37:

Iūlius sōlus nōn est, nam quattuor servī apud eum sunt. Mēdus nōn est apud dominum, nam is dominum īrātum timet. Mēdus est malus servus quī nummōs dominī in sacculō suō habet.

Det eg trur ordet tyder, er sidan. Ein får då denne omsettinga:

Jūlius er ikkje åtleine, sidan han har fire slavar med seg. Mēdus er ikkje hos herren [sin], sidan han fryktar den sinte herren. Mēdus er ein slem slave som har myntane til herren [sin] i sekken sin.

Nokon kan kanskje tenkje at Den teksten der høyrast rimeleg laber ut. Det er ikkje vidare spanande eller krevjande innhald, er det vel? Faktisk er det overraskande moro å lese det. Men det som viktigare er, er at teksten er utruleg godt oppbygd pedagogisk. Det du lærar av grammatiske konsept og det ordtilfanget du tilførast, er nøye gjennomtenkt. Det verkar utruleg bra!

So kva seier ordboka? Kva tyder eigenleg nam? Eg vel denne gongen å bruke den flotte, nynorske latinordboka mi frå Samlaget 1958 (her med makronteikn og konsonantisk j):

nam
[akk. sg. f av pronominalstomnen *no-; skyldt m. e-nim, nem-pe]
1.
(jamstellande årsakskonj.) for, nemleg;
Caesar frūmentum Aeduōs flāgitābat: nam propter frīgora frūmenta in agrīs mātūra nōn erant, C;
stundom innleier nam ein lekk som er sløyfa ovanfor:
Phoenīcēs Hippōnem, Hadrūmētum aliāsque urbēs condidēre … Nam dē Carthāgine tacēre melius putō, quam parum dīcere, S;
stundom i laus setningssamanheng = i minsto, visseleg, i lag med stadfestande partikkel:
nam hercle, ĕ̄depol, ja, visseleg;
grunngjev i ei påkalling kvifor nett den guden vert nemnd:
Mercurī, nam tē magistrō mōvit Amphīōn lapidēs. H.
2.
(forklarar det føregåande) nemleg, må vita
is pāgus appellābātur Tigurīnus. Nam omnīs cīvitās Helvētia in quattuor pāgōs dīvīsa est, C;
innleier stundom eit parentetisk innskot:
in īnsulā, quae est in Tiberīnō (nam opīnor illud alterī flūminī nōmen esse), sermōnī dēmus operā.
3.
(i spørsmål) då, vel
quisnam hoc dīxit?; percontātus, utrumnam stāre posset, L;
quandōnam når (vel)?;
stundom skilt frå spørjeordet:
quis est nam lūdus in undīs?, V;
står stundom føre spørjeordet:
nam quem ego aspiciō nei, kven er det eg ser?, P;
sjeldan utan spørjeord:
scīs nam, tibi quae praecēpī?, P.
Steinnes, Asgaut med Vandvik, Eirik: Latinsk ordbok, Det norske samlaget, Oslo, 1958.

Konklusjon

Eg var ikkje heilt på bærtur, sjølv om eg tok feil. Tydinga blir litt annleis når ein får den rette omsettinga av ordet: Jūlius er ikkje åtleine, for han har fire slavar med seg. Mēdus er ikkje hos herren [sin], han fryktar den sinte herren. I begge tilfella fungerar det både med for og , og sjølv om sidan går an å bruke, har det ikkje heilt den same nyansen. Lenger ned (line Ⅵ.60ff) kjem me på enda eit døme, der eg skulle våge å påstå at forskjellen er enda mindre: Servī quī lectīcam portant fessī sunt. Dominus autem fessus nōn est, nam is nōn ambulat. Iūlius ab Ursō et Dāvō portātur, itaque is fessus nōn est. Fessī sunt Syrus et Lēander, nam iī duōs magnōs saccōs umerīs portant, neque vacuī sunt saccī! (Slavane som ber berestolen er slitne. Men herren er ikkje sliten, for han går ikkje. Jūlius blir boren av Ursus og Dāvus, difor er han ikkje sliten. Syrus og Lēander er slitne, for dei ber to store sekkar på skuldrene, og sekkane er ikkje tomme! (Ja, det opphavlege romerske namnet Leander har lang e: Lēander!)

Me får nok eit døme lenger ned i teksten, på line 70f: Cornēlius nōn est fessus, nam is equō vehitur. […] Mēdus ambulat, nam is servus est neque equum habet. (Cornēlius er ikkje sliten, siden han blir ført av hesten. […] Mēdus går, då han er ein slave og ikkje har [nokon] hest.). Enda viktigare er dømet me får i linene 76–78:

Cūr Rōmam it Mēdus? Rōmam it, quia Lȳdia Rōmae habitat, nam Lȳdia amīca eius est: Mēdus Lȳdia amat et ab eā amātur.

Kvifor går Mēdus til Roma? Han går til Roma av di Lȳdia bor i Roma, for Lȳdia er venninna hans: Mēdus elskar Lȳdia og [han] blir elska av ho.

Eg burde nesten nemne det fine heksameteret han har skrive òg, sjølv om det ikkje har noko å gjere med konjunksjonane våre:

Nōn via longa est Rōmam, ubi amīca habitat mea pulchra.

Tilbake til saka: Også i pensumtekstane tek han med nam: Cornēlius nōn Tūsculō Rōmam, sed Rōmā Tūsculum it, nam is Tūsculō habitat. Dessutan: Mēdus amīcam suam salūtat et ab amīcā suā salūtātur, nam Lȳdia Mēdum amat et ab eō amātur. Understrekingane er med av di dette er utfyllingsoppgåver – ein skal altså fylle inn det som manglar.

Konklusjonen er at namer ein jamstillande årsakskonjunksjon. I moderne grammatikk kallar ein «sideordnande konjunksjonar» berre «konjunksjonar»; eg skal ikkje gå inn på her på kva alt dette tyder. Det viktige er at me har å gjere med ein konjunksjon som innleiar forklaringa på kvifor noko er. Eg la meg av di / sidan / då eg var trøytt. Eg gjekk for å kjøpe laurdagssnop. På øya, som var i Tiberen (for eg meinar at det var namnet på ei anna elv), bør me gje tale med arbeidet. Denne siste, altså omsetjinga av dømet frå punkt 2 i ordbokforklaringa, er eg ikkje viss på enno. I alle høve er vanlegvis den best omsettinga av ordet nam noko i retning av for eller ; eventuelt jo når ein brukar det forsterkande, slik òg vel; og dessutan nemleg.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.