Gresk løkkeskrift, i motsetning til latinsk løkkeskrift, har ikke noen rik tradisjon. Det lille jeg har lest om det, hinter til at det var flere forsøk opp gjennom de siste par århundrene på å skape og spre ei sammenhengende skrift tilsvarende den vi lærte (og fortsatt lærer, heldigvis) for det latinske alfabetet. Også det russiske alfabetet har ei rik løkkeskrifthistorie, og undervises fortsatt der. For min del, som lærte løkkeskrift allerede fra første klasse av, er det den naturlige måten for meg å skrive på, og da jeg begynte å skulle lære meg gresk, ble det umiddelbart et savn. Å skrive det som i praksis er stavskrift, ble knotete, treigt og gav dårlig flyt.
Men hvilket løkkeskriftalfabet skulle jeg velge? Langt de fleste av alfabetene som man finner eksempler på, er basert på den eldre typen løkkeskrift, der blant annet seriffene til bokstaver som ℋ, 𝒥 og 𝒦 ikke kommer vannrett inn mot bokstavens overlengde (den delen av bokstaver som h, k og l som stikker opp over x-høyda), men heller i ei elegant løkke. Bildet nedenfor viser hvordan noen slike bokstaver ser ut med skrifta som ble lært til dem som ble født tidlig på 1900-tallet, kontra den skrifta vi som ble født på 1980-tallet lærte:
Med det som utgangspunkt, samt kjennskapen min til blant annet gotisk, så jeg det nødvendig å komme fram til en oppdatert måte å skrive det greske alfabetet på. Det var særlig to eksempler jeg brukt som utgangspunkt:
Til venstre: Gresk handskrift fra det 19. århundret (før 1880), fra Carl Faulmann (død 1894): Das Buch der Schrift. Enthaltend die Schriftzeichen und Alphabete aller Zeiten und aller Völker des Erdkreises, Wien 1880 (andre utgave). Falt i det fri. Wikimedia Commons.Til høyre: Reading Greek Old Handwriting Made Easy fra FamilySearch. Lisens: frigitt.
Det var nemlig noen problemer jeg etter hvert støtte på med eksemplene over. Hvis jeg holdt meg til det første eksemplet, var det ingen god måte å skrive doble s-er på; den vanlige s-en – ikke final s (ς) med vanlig s (σ) – var fin enkeltstående, men har ingen god måte å videreføres til bokstaver som starter nede, og tilfeldigvis viste det seg at nettopp denne varianten av ς ikke lot seg koples på en påfølgende ς. Den andre skrifttypen løste dette mer elegant: Den bokstaven vi i vår løkkeskrift gjenkjenner som en ℴ, ser jo ut som en gresk σ, så man burde jo bruke den, men hvordan skriver man da omikron? Forslaget i dømet til høyre, var å ikke føre den videre i det hele tatt, og for meg var det en dårlig idé.
I tillegg til dette, hadde jeg behov for to ekstra bokstaver, siden jeg har satt meg ned med homerisk gresk: faû og kóppa. Hva gjelder faû, endte jeg til slutt på at en løkkeskrift-f, men kanskje helst uten løkke nederst (for å likne mer), siden løkkeskrift-f-en tilsvarer en latinsk f med krøll på over- og underlengde. Kóppa var rimelig enkel å finne ei god form på: Stor kóppa ligner en Ø og liten koppa er som en kombinasjon av phi og rho.
Det endelige resultatet mitt ble slik:
Jeg fikk løst problemene jeg fant og har nå ei gresk løkkeskrift som flyter fort og godt mens jeg skriver, og er like lett å lese som løkkeskrifta vi lærte på skolen. Et par, små hint til gotisk er å finne der, så som stor (og liten) thêta og kanskje og liten kheî; videre ser man tydelig arven fra nyere handskrift, ved at bua opp til bokstaven beholdes i de fleste bokstavene (dog merk forskjellen på káppa og mŷ. Alt i alt er det ei skrift jeg er fornøyd med å bruke. Det kan hende jeg vender tilbake til 𝒴-varianten til pseî, men det er litt ugunstig, siden det da ser ut som man leser en ŷ psīlón (hvis man ikke på forhånd kjenner skrifta sine særpreg). Alt i alt: Jeg er fornøyd med den.
Nå: Ut i desemberkulda med de andre doktorandene og nyte en Glasgow-pint.
No som det var døkkfriggdag (fordi eg kan) i heile verda, nytta eg høvet til å kjøpe meg ei lang Display Port-leidning: 3 meter, godkjent for 8k-oppløysing på 60 hertz. No har eg sjølvsagt ingen 8k-skjerm, men eg har ein rimeleg rask Gigabyte M27Q. (Du kan sjå test av han hos Hardware Unboxed; han yter 1440p på 170 Hz.) Men kva tyder eigenleg 8k? Treng eg det? Og kor mykje betre er det enn 4k, 2k og full HD?
Oppløysingane
Me kan starte med det enklaste først: Kva dei ulike oppløysingane er. Me som hugsar DVD som noko nytt, har vore med på tida før full HD var standard. Den første DVD-spelaren eg hadde, var faktisk i PC-en min, og eg hugsar framleis opplevinga av å sjå The Matrix på Goldstar-skjermen min, medan onkel Einar såg på over skuldra og sa tante Elisabeth måtte kome og sjå det krystallklåre biletet. Men DVD var primært laga for analoge skjermar; med Blu-ray skulle me få full HD, og seinare også 4k-oppløysing. Som namnet tilseier, er det fire gongar høgare oppløysing enn full HD (som ein kan kalle 1k), sidan arealet veks med kvadratet av aukinga når veksten er geometrisk. Her er ein oversikt over dei standardiserte oppløysingane for fjernsyn:
Standardiserte oppløysingar for fjernsyn jamfør CTA‐861‐G
Medium
Vassrett
Loddrett
Punkt
DVD
HD
Full HD
2k
4k
8k
10k
DVD
720
480
345 600
1 x
3⁄8x
1⁄6x
3⁄32x
1⁄24x
1⁄96x
1⁄128x
HD ready
1280
720
921 600
2 2⁄3 x
1 x
4⁄9x
1⁄4x
1⁄9x
1⁄36x
1⁄48x
Full HD
1920
1080
2 073 600
6 x
2 1⁄4 x
1 x
9⁄16x
1⁄4x
1⁄16x
3⁄64x
2k
2560
1440
3 686 400
10 2⁄3 x
4 x
1 7⁄9 x
1 x
4⁄9x
1⁄9x
1⁄12x
4k UHDTV-1
3840
2160
8 294 400
24 x
9 x
4 x
2 1⁄4 x
1 x
1⁄4x
3⁄16x
8k UHDTV-2
7680
4320
33 177 600
96 x
36 x
16 x
9 x
4 x
1 x
3⁄x
10k
10240
4320
44 236 800
128 x
48 x
21 1⁄3 x
12 x
5 1⁄3"x
1 1⁄3 x
1 x
Oppdateringsfrekvensar
Frekvens
Oppløysing
Lægst
Høgst
50 Hz
720 × 576
10 240 × 4 320
60 Hz
640 × 480
10 240 × 4 320
100 Hz
720 × 576
10 240 × 4 320
120 Hz
720 × 480
10 240 × 4 320
200 Hz
720 × 576
1440 × 576
240 Hz
720 × 480
1440 × 480
Kva nytte har dette? Treng eg verkeleg ein 4k HDMI 2.1-kabel?
Det plagsomme svaret er «Det kjem an på.» Til vanleg fjernsynsbruk: Dersom kabelen er godkjend for ei gitt oppløysing i ein gitt frekvens, er det ikkje noko meir å tenkje på; det berre verkar. Me kan tenkje på det som ein travel busstopp. I staden for å seie kor ofte busshaldeplassen vert fylt opp i sekundet (som ikkje er så relevant i den verkelege verda), kan me heller seie i timen, så tenk deg at fjernsynssignalet sine 30 hertz (svingningar/oppdateringar per sekund) blir som om busshaldeplassen blir fylt opp 30 gongar i timen. Heldigvis er desse busspassasjerane tyske og har dermed god orden på ting, så det kjem aldri meir folk på busshaldeplassen enn kva det er plass til på bussen. Så me tenkjer oss at bussen, som kan ta 50 passasjerar, alltid vert heilt fylt opp. Om det skulle kome litt fleire passasjerar enn det, har busstasjonen eit venterom til dei (som tilsvarar videominnebufferen), og ved endestasjonen blir alle passasjerane skyssa rett i jobb.
Men kva gjer ein då om ein vil ha fleire til å jobbe samstundes? Den einaste måten å gjere det på, er å frakte fleire passajerar på ein gong. Så no sender busselskapet heller ein leddbuss, så dei kan ta 60, 70, 80 passasjerar på ein gong. Men på eit eller anna tidspunkt er det så mange som kjem samstundes, at det ikkje har nokon tyding for kor mykje arbeid ein greier å gjere samstundes (kor detaljert eit bilete man treng på skjermen), og den einaste rimelege forbetringa ein kan gjere da, er å sende bussane oftare. Så ein bestem seg for at ein vil ha ein ny arbeidsstokk kvart minutt i staden for kvart andre minutt (30→60 hertz). Det tyder at det no kjem ein leddbuss til stasjonen 60 gongar i timen. Kanskje dei enda ein gong doblar produksjonen, så no får dei ein buss inn kvart 30. sekund. Me må auke produksjonen! (Fleire bildar per sekund.) Men de kan me ikkje.Kvifor det?For me har ikkje store nok bussar til å få me oss fleire.Køyr på med toetasjes bussar. (Doble oppløysinga.)
Det er det same som skjer med ein videokabel. Viss du, som meg, spelar DOOM i 2k med rundt 130 bildar i sekundet, tyder de at skjermkortet ditt må flytte 3 686 400 pikslar til skjermen din 130 gongar i sekundet. Vil du opp til 4k, må du auke overføringskapasiteta med 2 1⁄4 berre for å greie å handtere pikselmengden. I tillegg til dette kjem fargedjupneinformasjonen (8-bits eller 10-bits informasjon for både raudt, grønt og blått) og det at alt dette skal skipast gjennom kabelen like mange gongar som spelet greier å klemme ut bilete. Det tyder at medan ein i full HD greide seg med 24-bits farge, altså 256 fargegradar kvar (8 bits gjev ein tala frå 0 til 255) på raudt, grønt og blått, så nyttar ein i 4k WCG-bilete 10 bits per farge, som firedoblar fargedjupna. Den niande biten gjev tala frå 256 til 511, og den tiande frå 512 til 1023, altså totalt 1024 siffer. 1024 ∕ 256 = 4. Vidare kan det vere verdt å vite at sRGB til PC-skjermar køyrer med 8-bits fargedjubne, er alle HDR-variantane 10-bits (ɔ: høvesvis 24- og 30-bits farge).) Slike HDR-bilete skal altså for kvar av dei 3 686 400 sende 1024 bitar med informasjon. Eit bilete må da bere med seg 3 686 400 × 30 = 3 774 873 600 bits = 471 859 200 bytes med informasjon.
HDMI 1, 1.1, 1.2, 1.3, 1.4, 2.0 og 2.1
G står i elektronikk for desimal milliard (giga: 1000³), Gi for binær milliard (gibi: 1024³), b for bit og B for byte.
For å gjere det særs enkelt: HTMI 1 til 1.2 hadde ei bandbreidde på 4,95 Gb med data, 1.3 til 1.4 greide 10,2 Gb, 2.0 greide 18 Gb og 2.1 greier 48 Gb. Men av di kodinga av signalet også tek opp noko av bandbreidda, er reell overføringskapasitet 80 % fram til og med HDMI 2.0, og 88,8̅ % for HDMI 2.1; dermed får ein i staden ratene 3,96, 8,16, 14,4 og 42,6̅ Gb bandbreidde. Det tyder at viss du vil spele på TV-en din, har du nokre begrensningar å ta omsyn til:
i full HD (1080p)
er høgste oppdateringsfrekvens du kan få 60 hertz med HDMI 1.1;
i 2k (1440p) er det
30 Hz med HDMI 1.2,
60 Hz med 1.3,
120 Hz med 2.0 og
240 Hz med 2.1;
og for 4k (2160p)
30 Hz med 1.3,
60 Hz med 2.0 og
144 Hz med 2.1
eventuelt òg 240 Hz med DSC
Konklusjon
Så treng du eigenleg ein 8k 120-hertz-kabel? (Eigenleg burde vel den utsegna vere sett i feit type, med svære bokstavar og tjuefjorten utropsteikn etter.) Til å sjå på vanleg fjernsyn: nei. Ein vanleg HDMI 1.3-kabel greier å syne 4k i 30 hertz utan å gå på akkord med fargene. Skal du sjå på YouTube, er det nokså mykje som er lasta opp med 60 bilete per sekund no, og får å sjå dette i 4k, treng du ein HDMI 2.0-kabel. Skal du spele, gjeld andre krav, i alle høve om du koplar PC-en til TV-en; spelar du på konsoll, greier du deg fint med HDMI 2.0 til 4k-speling, for knapt nokon (om nokon i det heile) spel laga for konsoll, går over 60 bildar per sekund.
Oversikt over kva kablar som trengst til kva formål
Bruk
Oppløysing
Hovudkjelde til desse dataa er engelsk Wikipedia sin artikkel om HDMI. Likevel, med å samanlikne kor mykje data som krevjast for å sende bilete og å justere dette med faktoren for frekvensen (altså 2x for 60 Hz, 4x for 120 Hz, 4,8x for 144 Hz og 8x for 240 Hz, skulle ein kunne få dei same resultata.
Full HD (1080p)
2k (1440p)
4k UHDTV-1
Fjernsynssjåing (≤30 Hz)
HDMI 1.0
[Ikkje aktuelt]
HDMI 1.3
YouTube, konsoll- og PC-speling (@60 Hz>
HDMI 1.0
HDMI 1.3
HDMI 2.0
PC-speling (@120 Hz>
HDMI 1.3
HDMI 2.0 eller 1.3 med redusert fargeinformasjon
HDMI 2.1 eller 2.0 med redusert fargeinformasjon
PC-speling (@144 Hz>
HDMI 1.3
HDMI 2.0 eller 1.3 med redusert fargeinformasjon
HDMI 2.1
PC-speling (@240 Hz>
HDMI 2.0 eller 1.3 med redusert fargeinformasjon
HDMI 2.1 eller 2.0 med redusert fargeinformasjon
HDMI 2.1 med Display Stream Compression
Enn DisplayPort?
DisplayPort er i utgangspunktet eit format kun for overføring av bilete, og er laga av ei rekkje dataelektronikkprodusentar og fronta av VESA: Video Electronics Standards Association. Standarden støttar RGB og fullfargevising (YCbCr). Dei same avgrensingane gjeld for DisplayPort som for HDMI: kabelen si kapasitet avgjer kor høg oppløysing og kor høg frekvens dei kan synast med. Det er for mykje å ta med ein tabell på dette her og no, men det kan vere at eg oppdaterar posten seinare med ein ytterlegare tabell.
Jeg leste et kvitter fra Twitter der noen klagde på at de måtte kunne matematikk for å ta førerkort, men med så mye annet her i livet, er det ofte slik at man på et eller annet tidspunkt faktisk får bruk for det man lærte på skolen. I det følgende skal jeg vise en enkel metode for å finne ut hvor mye feil fartsmåleren viser i bilen du kjører, takket være enkel brøkregning og forholdstall. Huskeregelen er at fart er proporsjonal med tid, så endring i fart må med nødvendighet føre til at tida er omvendt proporsjonal med endringa. Hvordan det? Det enkleste eksempelet finner man med å doble: Hvis du går ei strekning på ett minutt, hvor mye fortere må du gå for å tilbakelegge strekninga på halvparten av tida? Til å begynne med gikk du strekninga på 1/1 av tida. Hvis du vil tilbakelegge samme strekning med 1/2 av tida, må du da med nødvendighet gå med 2/1 av hastigheta. Fart er jo lik strekning over tid; vi sier for eksempel at vi kjører i seksti kilometer i timen, ɔ: 60 distanseenheter per tidsenheter.
Ta med deg en passasjer, be dem finne fram stoppeklokka, og kjør ei strekning på nøyaktig tusen meter. Tips: Ved siden av litt eldre veier (det ble slutt på det for noen år siden, har jeg blitt fortalt), har Vegvesenet montert små grå skilt som har informasjon om veinavn, avstand fra et gitt startpunkt, m.m. Disse er med hensikt plassert på langs med veien, for å være så usynlig som mulig. Men når du vet hva du skal se etter, er disse kjempenyttige og lett å oppdage, for de er plassert med eksakt 500 meters avstand. Med andre ord: Kjører du i 60, passerer du et slikt et hvert 30. sekund. Bruker du disse og har kompisen din med stoppeklokke klar, og du måler tida på å passere to av disse, har du tilbakelagt nøyaktig 1000 meter. Da er det bare å gjøre litt kjapp brøkregning (eller referere lista nedenfor) for å finne ut om du kjørte for fort eller sakte.
30 km/t er 3⁄6 (= 1⁄2) av 60 km/t:
60 × 2 = 120 sek
40 km/t blir 4⁄6 (= 2⁄3):
60 × 3⁄2 = 90 sek
50 km/t blir 5⁄6:
60 × 6⁄5 = 72 sek
70 km/t blir 7⁄6 (= 1 1⁄6):
60 × 6⁄7 = 51 3⁄7 sek
80 km/t blir 8⁄6 = 4⁄3 (= 1 1⁄3):
60 × 3⁄4 = 45 sek
90 km/t blir 9⁄6 = 3⁄2 (= 1 1⁄2):
60 × 2⁄3 = 40 sek
100 km/t blir 10⁄6 = 5⁄3 (= 1 2⁄3):
60 × 3⁄5 = 36 sek
110 km/t blir 11⁄6  (= 1 5⁄6):
60 × 6⁄11 = 32 8⁄11 sek
120 km/t blir 12⁄6 = 2⁄1 (= 2):
60 × 1⁄2 = 30 sek
Prøveprosjekt med 120 km/t er nå vedtatt av Stortinget og er i ferd med å settes i verk. Vedtaket lyder:
Det ble flertall for følgende vedtak: Stortinget ber regjeringen gjennomføre en prøveordning med innføring av fartsgrense på 120 km/t på utvalgte strekninger på de nyeste og beste fire-felt motorveiene. Det er naturlig at både Statens vegvesen og Nye Veier blir involvert i prosessen med å velge ut prøvestrekninger.
Dersom du vil lære mer om kriteriene for de ulike fartsgrensene, har Trygg trafikk en veileder du kan lese.