Har du som meg irritert deg litt over at du alltid må velje deg vekk frå Steam-butikken for å kome deg inn i biblioteket ditt? Det er faktisk veldig enkelt å endre det. Her får du vite korleis:
Det er klårt at Steam ønskjer at du skal sjå butikken deira. Men for dei fleste av oss er det viktigaste når me set oss ned for å spele, ikkje å få meir reklame i trynet, men å berre få spele i fred og ro. Det aller fyrste du må gjere, er å slå av foreldre‑/​familiemodus. Viss dette er på, er knappen grøn; viss ikkje er han grå. I biletet nedom (Figur 1) ser du kor han er: vanlegvis den tredje knappen til venstre for brukarnamnet ditt.

Når du har klikka denne og slått av familiemodus med passordet/PIN-koden din, er det mogleg for deg å opne innstillingane som du må inn i. Klikk Steam → Settings for å gå vidare (Figur 2).

Når du har gjort dette, får du opp eit stort vindu med mange innstillingar. Sjå Figur 3.

Alt du treng å gjere no, er å klikke Interface og deretter åpne rullegardinmenyen under Start Up Location. Her vel du Libary og frå no av kjem Steam til å starte opp med biblioteket ditt som fyrstevising.
God speling!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.