fredag 7. april 2023

Mosebøkene på latin, gresk og hebraisk

Bilete med moseboknamn

Eg har i det lengste hatt ein lapp liggjande på skrivepulten min; no er det på tide å kaste han. Eg har skrive tre ting på han: ein bibelreferanse, mosebøkene på hebraisk og mosebøkene på latin. Bibelreferansen er til 1 Mos 32: 24ff. Dei to andre er ganske enkelt ei liste:

  • «1. Mosebok» heiter på latin Genesis, av koinegresk Γένεση (Génesē) eller Γένεσις (Génesis) som kjem av gamalgresk ἡ γένεσις, τῆς γενέσεως (hē génesis, tês genéseōs); det tyder ‹skaping, føding, måten noko blir til›.
  • «2. Mosebok» heiter på (mellomalder)latin Exodus, av koinegresk Έξοδος (Éksodos) som kjem av ἡ ἔξοδος, τῆς ἐξόδου (hē éksodos, tês eksódou); det tyder i denne samanhengen ‹plutseleg (masse)utvandring›.
  • «3. Mosebok» heiter på seinlatin Lēvīticus, som kjem av latin Lēvītēs eller Lēvīta, av koinegresk Λευϊτικό eller Λευϊτικόν, det vidare frå anten hebraisk Lēvī (לֵוִי‎ (Lēwī)) pluss det gamalgreske suffikset ‑ῑ́της (-ī́tēs) eller direkte frå gamalgresk Λευῑ́της (Leuī́tēs); det tyder ‹levittisk›, altså det som har å gjere med levittarane, eller òg ‹diakonal›.
  • «4. Mosebok» heiter på latin Numerī jamfør koinegresk Ἀριθμοί (Arithmoí), som kjem av gamalgresk ὁ ᾰ̓ρῐθμός, τοῦ ᾰ̓ρῐθμοῦ (ho arithmós, toû arithmoû); det tyder ‹utrekningar› eller her ‹opprekningar›.
  • «5. Mosebok» heiter på latin Deuteronomium og kjem frå bibelsk gresk Δευτερονόμιο eller Δευτερονόμιον via koinegresk Δευτερονόμιον frå gamalgresk δεύτερος, ‑ᾱ, ‑ον (deúteros, ‑ā, ‑on) + ὁ νόμος, τοῦ νόμου (ho nómos, toû nómou); det tyder omtrent ‹den andre loven›, ɔ: den andre lovboka.

Dei hebraiske namna på desse bøkene er Beresjít, Sjemót, Vajiqrá, Bamidbar, Devarim; som salmane i salmeboka vår, er dei namngjevne etter det første ordet i kvar bok (salmane etter fyrste verselinje).

Namn på dei fem Mosebøkene på latin, gresk og hebraisk
Bok 1. Mosebok 2. Mosebok 3. Mosebok 4. Mosebok 5. Mosebok
Kjelder: Wiktionary: Books of the Bible, Wiktionary: Books of the Bible (Greek), Latinsk ordbok (Cappelen, fjerde reviderte utgåve, 1998), SNL: Mosebøkene.
Latin Genesis Exodus Lēvīticus Numerī Deuteronomium
Koinegresk Γένεση (Génesē) eller Γένεσις (Génesis) Έξοδος (Éksodos) Λευϊτικό eller Λευϊτικόν Ἀριθμοί (Arithmoí) Δευτερονόμιον
Hebraisk בְּרֵאשִׁית‎
(Beresjít:
I byrjinga)
שְׁמוֹת‎
(Sj’mót (eller Sjemót):
Dette er namna)
וַיִּקְרָא‎
(Vajiqrá:
Og Han kalla)
בְּמִדְבַּר‎ eller בַּמִּדְבָּר‎
(b’midbár eller bamidbár:
I ørkenen)
דְּבָרִים‎
(D’varím:
Orda)

Kva då med bibelsitatet eg noterte meg? Her er det frå Bibelen.no.

Jakobs kamp

21 Så drog slavane i førevegen med gåva, medan Jakob vart verande i leiren om natta. 22  Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok. 23  Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.

24  Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde. 25  Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa. 26  Og han sa: Slepp meg, for morgonen gryr! Men Jakob svara: Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg. 27  Kva heiter du? spurde mannen. Jakob, svara han. 28  Då sa mannen: Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne. 29  Då bad Jakob: Sei meg namnet ditt! Han svara: Kvifor spør du etter namnet mitt? Og han velsigna han der.

30  Jakob kalla staden Peniel. For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet. 31  Sola gjekk opp over han då han kom framom Penuel, og han halta på grunn av hofta. 32  Difor er det slik den dag i dag at israelittane ikkje et muskelen over hofteskåla, for mannen gav Jakob eit slag over hofteskåla, på muskelen.

Eg hugsar ikkje lenger kva eg skulle med dette, men det kan no bli nyttig i framtida.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.