søndag 26. juli 2020

Blåtur i Hardanger Ⅱ

Dei fyrste dagane

Her kan du lese den fyrste posten om blåturen til Hardanger. Eg har lenka hit frå han.

Dei fyrste dagane hjå Yngvild måtte eg arbeid. Eg hadde ikkje tid til å ta meg heilt fri – eller rettare sagt: Eg hadde ikkje råd til det – så eg fekk låne datamaskinen hennar til å jobbe på. Ikkje overraskande var den som så mange andre slike maskinar fylt med gaukevare. Gauke(program)vare er forresten eit fantastisk nytt ord eg lærte i dag som tyder det same som engelsk bloatware. Eg trudde først at det hadde opphav i «gauk» i tydinga «smuglar (av brennevin)», men det måtte i så fall ha vore gaukvare jf. engelsk malware. Det har nok heller å gjere med den andre tydinga av gauk, altså som fuglen som tærar på andre fuglar sine ressursar med å legge egga sine i reira deira. Men eg fekk ordna det i løpet av eit par dager, og no verkar maskina hennar langt betre til det han var kjøpt til: å spele.

Å sitje slik med lyden av elva attmed seg og arbeide var utruleg avslappande. Som eg skreiv Eg merka at eg fann ro. Og det gjorde det ikkje verre at det blei så fint på tysdagskvelden; det vart heilt nydeleg der, med ein glødande solnedgang:

Solnedgang over Odda. Tysdag 30. juni 2020 kl. 23.05. Fotograf: Tor-Ivar Krogsæter.

Medan eg satt på dagtid og jobba (og litt vel seint utpå kvelden òg), gjekk Yngvild og Erik-Johan inn til Odda sentrum og såg seg rundt. Den eine av dagane, onsdag, fann eg ut at eg fortente å ha meg litt fri og sjå kor fint det var der, så eg blei med dei ut i godvêret. Me gjekk ned til sentrum langs elva og gjekk til ein fantastisk klesbutikk der: Terje Storhaug ⅍. Dei seier på heimesida si at dei skal ha best service, best utvalg, best kvalitet og best pris, og veit du kva? Dei skuffa ikkje på noko vis. Eg var innom på leiting etter noko meir sommarleg enn det eg hadde, mellom anna ei kortare kortbukse, for eg likar ikkje at dei går ned til knea. Ikkje berre fann eg det eg ville ha der, men eg vart tatt imot med slik ei serviceinnstilling og solid fagkunnskap av klede som eg knapt har vore borti før. Eg hadde òg lyst til å sjå på om det lét seg gjere å få kjøpt ein sjakett, og han hadde ein som hadde vore til utleie tidlegare som han no selde for tusen kroner inkludert buksa. Dessverre var han for stor åt meg, men Finnsnes har no landets best kledde elektrikar.

1. Odda sentrum si gågate. Eg så ingen teikn til at handelen vart lamma av at folk måtte gå til butikkane; heller tvert imot. Gågata var fin, ryddig og triveleg, og det var avslappande å vere i ho.
2. Gråtass i sentrum. Jørn Marius godkjende denne.
3. Eg veit ikkje kva for eit bygg dette var, men måten det var presentert på med blomane rundt, dei fine trea, graset og måten steinen var lagt på, fekk meg til å tenkje på kva Åndalsnes kunne ha vore (og ikkje er).

Etter dette sett me oss ned på ein kafé og naut dagen. Eg gjekk heim ikkje lenge etter, etter å ha fått meg allergimedisin (sørpå tyder sommar gjerne at det er både varme og blest), og gjekk heim til Yngvild for å arbeide vidare.

Yngvild sin kokekunst

Alle som har vitja Yngvild og fått nytt kokekunsten hennar, kan skrive under på kor flink ho er. Om du er eplebonde i Hardanger, hut deg på biblioteket! Det var sjølvsagt ikkje noko annleis no. Me åt nydeleg mat kvar dag og levde som velfødde Skrepping-hobbitar på Haugen. Eg kan ikkje anna gjere enn å plage deg som les dette med bilete av den gode maten:

Pusetær gjer dagen betre! Fotograf: Tor-Ivar Krogsæter

Yngvild sa at ho hadde som mål å få oss til å leggje på oss fem kilo medan me var der. Eg veit ikkje om det blei så mykje, men eg veit at eg veg meir no enn før eg var der. Me spiste god frukost ilag kvar dag. Fleire av dagane fekk eg graut, så da var eg glad. Magen min har det best på mykje fiber. Me hadde dugurd, me hadde tokaffe, me hadde middag, me hadde kvelds, me hadde kveldskaffe. Me åt, og me åt godt. Ikkje minst: Eg blei meir og meir avslappa … litt sånn som du blir av å sjå kattetærne til pusolini her.

Blåtur fr.–lø. 3.–4. juli

Så kva er ein blåtur? Yngvild fortalde meg at ein blåtur er å bli teke med på noko ein ikkje veit kva er, at det gjerne er slikt som firma dreg med seg dei tilsette på for å bygge moral. Vel, turen me skulle på bygde såvisst moral!

Turen til Utne og hotellet

Me køyrde eit godt stykkje før me kom fram. Som einkvar som har køyrd vestnorske fjordar veit: Vegen frå A til B er kanskje kort i sikt, men lang i reisetid; eller ɔ: er det langt å køyre dit, men det var jo ikkje langt å reise på den tida då alle brukte båtar. I alle høve: Me runda av opp forbi eit flott gamalt bygg, parkerte, og då fortalde dei meg kva me skulle (eg visste allereie at det var noko spesielt, sidan me hadde skaffa oss brokadevest og kalvekryss til turen, og eg hadde med meg flosshatten min): Eg var invitert til ei overnatting på Utne hotell, alt dekt, med sidersmaking inkludert!

①  Biletet av hotellet blei tatt litt seinare; eg såg det frå venstre side då meg kom inn til hotellet. Det er lett å sjå kva del som er bygd ut, men på ein sær måte er det litt sjarmerande òg, om enn eg ikkje heilt likar stilen på tilbygget. ② Utsikta ut var òg fin, om enn nokså grå den fyrste dagen.

Då me kom inn, blei me tatt imot av flotte damer kledd i arbeidsdrakt frå gamal tid. Me fekk eit rom oppe, eit av dei betre romma, og berre det å sjå døra var eit syn: Alt av flater som kravde det, var mala med skinnrulling. Å opne døra inn til rommet var som å gå inn i ein svunne tid, ei tid då livet var enklare og kanskje meir innhaldsrikt. Ting vart bygd for å vare, for det kravde innsats å lage det. Og rommet me fekk synte tydeleg kvifor det er verdt det. Kor gamle møblane og rommet var, veit eg ikkje, men den nye avdelinga av hotellet (som me ikkje låg i), var frå 1920. Den eldste delen av hotellet var frå 1722!

③ I alle høve: Det lét seg gjere å sjå korleis skinnrulling ser ut på nattbordet til høgre i biletet over. Me blei fortalde dagen etter at dei hadde ei fast dame som kom innom ein gong i året for å sjå kva som måtte rettast opp på; slik held dei hotellet i tipp-topp stand heile tida. Og samstundes bidreg dei til å ta vare på gamalt handverk. Hotellet var eit praktdøme på korleis ein kan medverke til ikkje berre fleire betalande kundar, men òg til å ta vare på gamalt, uerstatteleg kunsthandverk, gamal fagkunnskap og kunne, me å investere om så er berre littekstra og ta det litt dyrare valet, som verkeleg betalar seg sjølv på lang sikt.

Nok om det. ④ Det fjerde biletet syner enda betre skinnrullinga, særleg på døra. Sjå òg korleis alt av møblement passar til alt i både rommet og hotellet. (Og på hattehylla ligg – som det høver seg – hatten.) ⑤ Rommet til Yngvild er på det siste bildet, inn døra til venstre for hattehylla i bilete fire. Innanfor rommet hennar var badet – der det var badekar, O, lykke! – som var utstyrt med veldig dyre, verkeleg gode badeartiklar; både såpe, sjampo og balsam; ein hudkrem, som me fann ut kosta over 800 kroner; og badesalt. Eg nytta badekaret med det same, og du gode, så godt det gjorde åt knea mine.

Sidersmaking
Alle tre til bords: Eg med dress, brokadevest, kalvekryss og flosshatt; Yngvild med viktoriansk, sjølvsydd kjole; Erik-Johan med sjakett, brokadevest og kalvekryss. Fotograf: Ukjent.
Alle tre til bords: Eg med dress, brokadevest, kalvekryss og flosshatt; Yngvild med viktoriansk, sjølvsydd kjole; Erik-Johan med sjakett, brokadevest og kalvekryss. Fotograf: Ukjend meddeltakar på sidersmakinga.

Høgdepunktet for turen var sidersmaking og middag. Sidan me likar å kle oss opp og ha på oss kostyme, stilte med i klede som høvde seg for høvedsfolk frå slutten av 1800-talet. Eg hadde diverre ikkje greid å finne meg sjakett, så det ble den stripa dressen min, men med kalvekryss, brokadevest og ikkje minst flosshatt på hovudet, var stilen gjort; Erik-Johan hadde nett fått seg sjakett, og stilte i den; og Yngvild hadde sydd ferdig kjolen sin frå då me var på laiv.

Den eine av dei to driftsleiarane var ansvarleg for sidersmakinga og ga oss kyndig hjelp gjennom det. Ho fortalde oss at merket «Sider frå Hardanger» er eit geografisk beskytta namn. (Og eg sjekka no: Det er ikkje eit varemerke; det kan det vel ikkje ver jamfør denne avgjerda i Patentstyret.) Siderproduksjonen i Hardanger er enorm allereie; per no er han på 300000 l, og dei har mål om å kome opp i 1000000 l innan 2022 (om eg hugsa årstalet rett).

Me fekk smake fleire forskjellige siderar, og starta med ein Edel sider (Åkre gard) sin Rosé, ein sider med duft av bringebær, skjønt eg var bomsikker på at det var jordbær). Me fekk prøve Ulvik frukt & cideri (Apalvegen 78 i Ulvik) sin Kvitanesen (7,5 %), som hadde duft av ost og hadde ein syrleg og bitter ettersmak; Hardanger cideri (på Aga) sin 8 %, som dufta av blomster, var ei smaksbombe med bittertonar og mykje sødme mot slutten; Alde sider (Bleie gard) sin Alde sider 6,5 %, som var tørr, strågul og dufta av ost og kjellar; og avslutta med ein heilt fantastisk sider frå Edel: Edel issider, med duft av modne eple, karamell; ein smak av sherry og intenst gjennomtrengjande eple; som utvikla seg vidare til sterk syrligheit og tørrheit; og til slutt avslutta i ein voldsom sødme. Det var ein sider som kosta kronene sine for flaska (for vår del var alt så klart inkludert i sidersmakingspakken), men utan tvil ein sider som er verdt pengane sine.

Etter sidersmakinga gjekk vi for å spise middag i spisesalen, og blei servert eit utsøkt, trerettars måltid. Eg syntes det var særleg stas at kokken på hotellet her ikkje gjorde som kokkar flest gjer til gjestar som har allergiar: fjernar alle element frå retten som er allergiframkallande utan å erstatte han med noko. Nei, til oss diska han opp med mellom anna ein eigen saus (og meir enn det) til den utsøkte biffretten med spiste, og desserten var også spanande. Utne hotell bryr seg om gjestane sine, og dei har kokk(ar) som har fagleg byrgskap til yrket sitt.

Då middagen vart ferdig gjekk me oss ein liten tur ute, før me gjekk opp på rommet vårt, der me spela rollespel med Yngvild som spelleiar. Det blei eit av dei mest hysterisk artige rollespela eg nokon gong har vore med på å spele. Kort fortalt: Eg spela trollet Trul Rollstad og Erik-Johan eit anna troll. Me blei kasta ut av berget av faren vår to timar før soloppgang. Eg var god på å denge og hadde presten sin flosshatt, men var ikkje særleg glup. Me blei råka av ein svær sølvdrake (ein lastebil), temma draken og fór frå ville smådrakar med auge som blinka i raudt og blått, frigjorde ein flokk med geiter, rømde frå raud-og-blå-drakane, forsvann ned i jorda og traff ein gnom, kom oss opp att (utan å ha fått med oss at det hadde gått mykje meir tid enn kva med trudde der nede), og råka på eit opptog med karmenn og kvinnmenn som hadde temma regnbogen og veiva ho i lufta. Me fekk knytt regnbogen rundt akslane våre, og me klatra opp i eit kirketårn der bror min tredde regnbogen over spiret, medan eg heldt ein tordentale om korleis me var fri frå åket, som gjorde at opptoget jubla høgt om oss som (det eg høyrde som) dansetroll. Det var avsindig, det var hysterisk artig, og me lo så me faktisk måtte tørke tårene.

Laurdag
Utsikt over Utnefjorden frå frukostbordet. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese
Utsikt over Utnefjorden frå frukostbordet. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese.

Me fekk oss ein nydeleg frukost. På grunn av smittetiltaka, var det ikkje ståande buffé, men tinging av ønska mat dagen i forkant. Me fekk alt me ba om, vêret var bjart og prud, og me naut maten godt. Etterpå gjekk Yngvild og eg oss ein tur utandørs, framleis i finstasen frå i går. Det var så mange som kommenterte habitten vår, som likte så godt å sjå det, og som lurte på kva høvet var; det var veldig triveleg å få all den positive responsen på det, og bidrog heilt klart til å gjere dagen enda betre. Medan me var ute, tok Erik-Johan seg eit bad, og etter ein drøy times tid, gjekk me opp og skifta. Eg valde å skifte til den vanlege moderne dressen min, medan dei andre gjekk for kvardagsklede. Eg likar å pynte meg når eg har lyst til det, og denne helga var ei slik tid.

Me tok turen vidare rundt omkring på Utne. Me gjekk opp til kyrkja og vidare opp i bakkane. Vêret var skjønt. Me traff på nokon som var ute med ein hund som var ung og full av liv. Me tok oss ei ri til å sjå på bautaen over dei som fall i krigen, og det viste seg at bautaen dei hadde på Utne var for den fyrste verdskrigen. Men dette må eg sjekke; eg hugsar det ikkje heilt i farta. Med vandra lenger opp i fjellsida og fekk ein flott utsikt, og fekk så klart teken det obligatoriske sidesparkbiletet … og eit flygande sidesparkbilete som ikkje vart heilt vellukka:

Det var morosamt å prøve å få til eit flygande sidespark òg, men det gjekk heilt skit, og heldigvis hadde eg vet nok til å stoppe medan leken var god. Det var ein ting å ta sats derifra og berre hoppe, men å hoppe og rotere hofta i lufta, sette ut eit godt sidespark og ramle utan å øydeleggje dress, sko og helse, det var noko heilt anna. Eg trur det er bra å syne fram slike bilete òg. Av og til er ein stolt gangar ikkje heilt det ein er kar om; ein gyngehest kan vere nok å bryne seg på.

Etter dette gjekk me på Hardanger museum. Dei har ei stor utstilling om hardingfelene, norsk biletkunst og utsmykking av Håkonshallen, og ikkje minst ein særleg interessant del om norske folkedrakter med eit innlegg om korvidt det er riktig eller ikkje at hardangersømen no blir laga i Ghana. Det var interessante bilete å sjå der. Eg fann meg så klart noko latin å bryne meg på, her i omsetjing:

Christina
Filia·Haaconis.Rex
Norvegiæ.
peregrinatio
Hispaniensis
Filippum.fratrem
regis Castilliæ
nubendum
anno·ⅯⅭⅭⅬⅨ

Kristina – datter av Håkon, kongen av Noreg – då ho drog ut til Spania for å bli gift med Filip, bror til kongen av Castilla, i året 1259.

Attreise
Telefonkiosk på Utne. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese.

På turen att stoppa me innom det som skal bli nytt bibliotektilbod på Utne. Det gjer meg glad å vite at dei gamle telefonkioskane blir tatt vare på. Den som var her mangla rett nok telefonkatalog og telefon, men kanskje dei gjer noko med det òg? Men å ta dei i bruk til noko heilt nytt – bibliotek – er ein glimrande idé. Det er rart kva ein kan få til å skje med ein sprek biblioteksjef!

Det var litt vemodig å dra frå Utne. Det var veldig triveleg å vere der, og eg merkar at eg trivst best med ein rolegare dagsrytme.

Me tok ferga over, altså motsatt veg av den me kom inn, for å få med oss turen, utsynet, det som ei slik ferd byr på; og det var godt. Det er utruleg kor mykje ein får av krefter av berre eit kort avbrekk som dette i kvardagen, og eg dreg gjerne attende dit når me får sjansen til det.

Fergetur over Utnefjorden. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese. Biletet er klipt.
Fergetur over Utnefjorden. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese. Biletet er klipt.

Erik-Johan og eg snakka om ferger kontra broer då med fór med ferga frå Lødingen. Kvifor vil folk på død og liv ha dei vekk? Dei gjev ein eit behageleg avbrekk i køyreturen, der ein kan setje seg ned, ta ein kopp kaffe, prate litt om ein vil det, sjå på naturen kring seg, puste ut, ta livet med ro. Det einaste problemet som er med ferjene, er at dei ikkje går jamnt heile døgnet. Men til prisen av ein undersjøisk tunell eller ei bro, kan ein drive ei ferge gratis i årevis! Så sa i alle fall sjefen for MRF til avisen for mange år sidan. Eg skal sjå om eg greier å finne referansen for dette.

Fergetur over Utnefjorden, utsikt inn mot Utne. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese. Biletet er noko klipt.
Fergetur over Utnefjorden, utsikt inn mot Utne. Fotograf: Yngvild Marie Kaarbø Wiese. Biletet er noko klipt.

Dei siste dagane i Odda

Tida lei mot hell i Ullensvang. Sundag sette me av til å spele rollespel; det var lengje sidan me hadde spela Hackmaster, og eg hadde tatt med meg ned In the Realm of the Elm King for å køyre det på dei. Erik-Johan og Yngvild laga seg roller til spelinga medan eg oversett dei delane eg trong å få gjort det på, laga ting til utdeling til dei. Eg likar slikt, og eg trur spelarane mine òg gjer det. Dagens tips: Stilkane frå modne jordbær, gjerne med litt kjøt på, er glimrande til etterlikne blod på brev.

Det var veldig triveleg å få spele rollespel med dei, og ikkje minst å få gjere det andlet til andlet att. Spelet tok såpass tid at me måtte spele det over to dagar (den namngjetne one two-shot-en), men ingen klaga på det. Eg gjorde eit par bommertar undervegs som gjorde at eg måtte handtere eventyret annleis enn kva det var lagt opp til, men det blei ei fin avrunding på det til slutt på mandagskvelden.

Midtvegs på dagen tok me oss ein spasertur (innom mellom anna butikken). Eg hadde nokre brev eg hadde skrive som eg ville få sendt. Eg likar brevskriving; det gjev meg ro i sjela å krote ned nokre tankar, sette av tid til å tenkje på nokon andre og samstundes få fortelje litt om meg sjølv og kva som skjer – i eit makeleg tempo. På vegen til bua fekk meg verkeleg sjå og kjenne krafta frå elva gjennom Odda. Sjå berre her:

Bilete av elva gjennom Odda. Alle bileta, foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Den lille bartepusen Agatha Christie kosar seg i lomma eg laga i botnen av genseren. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Den lille bartepusen Agatha Christie kosar seg i lomma eg laga i botnen av genseren. Ho blei ein skikkeleg fangpus – eller eg burde kanskje helle si skrittpus – medan eg var der. Stadig låg ho og varma seg liggjande nedimellom låra mine. Eg måtte forresten berre ha med dette biletet, kun fordi alle likar ein god katt, og fordi eg trur ein har hjarte av stein om ein ikkje smeltar av kattungar. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

Ditut og attende

Ja, det var vemodig å dra heim att. Men heim måtte eg. Eg har ting eg må få gjort i Tromsø som eg ikkje får gjort frå andre stadar. Eg kom meg til Bergen med Erik-Johan og så buss vidare inn til byen. For første gong fekk eg tatt bybanen, og det slett ikkje verst. Men det var rart, må eg seie å fare gjennom byen; også Bergen var prega av korona. Men samstundes må eg nemne at folk der var svært hyggjelege og hjelpsame (slik eg hugsa dei frå 1999/2000), og eg nytta meg etter all hovudsak av mannen-i-gata heller enn Google Maps til å finne fram. Det er trivelegare, må eg seie.

Ankomst Bergen stasjon, ein flott stasjon. Første tur på Bybanen sidan 1999 eller 2000 eller deromkring. Begge bileta, foto: Tor-Ivar Krogsæter.

Eg blei sittande på Flesland ikkje alt for lenge, men veldig lenge på Gardermoen. Mat på Gardermoen er nokså håplaust no som eg toler mjølk så dårleg, men eg fann meg noko å ete til slutt. Eg merka meg at det der som så mange andre plassar var mange folk som ikkje respekterte einmetersregelen, så eg valde å reise med munnbind heile tida, også på flyplassen.

Då eg til slutt landa i Tromsø, var det likevel godt. Eg blei møtt av herleg vêr og det føltes heime. No er det ikkje lenge før heimen vår ikkje lenger er her, men eg trur framleis at det alltid kjem til å vere litt ekstra spesielt å kome til Tromsø. Heimen vår blei laga her i 2002. Me kom att til heimen vår i 2009 og 2010. Og no, i 2020, ser det ut til at me skal dra fra han.

Heime i Tromsø att, her med utsyn mot solnedgang over Kvaløya. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Heime i Tromsø att, her med utsyn mot solnedgang over Kvaløya. Det er vakkert å sjå det slik, og det blir rart å ikkje lenger skulle lande her og dra heim. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

Etterord

Så du har lest heile vegen hit? Takk for det! Eg har no snakka om mitt og grubla på det eine med det andre i skrivinga mi. Turen var herleg. Eg saknar Yngvild veldig, og kommer til å sakne ho enda meir når me flyttar. Men eg merkar at det ikkje er mykje att åt meg her i Tromsø. Alle eg er glad i har flytta eller er i ferd med å flytte, verkar det som, og mykje av det som gjorde Tromsø til staden for meg, er ikkje lenger av andre orsakar. Eg kjem til å sakne ting her, ingen tvil, men det er òg mykje som eg er glad for å kome vekk frå.

Det kan godt hende med endar opp sør i landet til slutt. Kven veit? Det var herleg å få vere saman med dei aller næraste venane mine att, å få vere meg sjølv, å få vere. Kanskje er det det eg saknar aller mest her som eg bur no? Me flytta hit for å få ein ny start, og det gjorde me, men no kjenst det som at me har vokst ut av staden me er i, at han ikkje lenger har rom åt oss.

Dei som kjenner meg, blir ikkje overraska over å vite at det ligg ting mellom linene her som er usagt, og det kan det kanskje få vere.

Jeg vil gjerne få komme med ei personlig erklæring; dette er altså fra meg selv og ikke styret, selv om jeg har konferert med dem som kolleger før jeg skreiv dette, for å forsikre meg om at jeg ikke er uklar:

Tatt i betraktning de siste hendelsene, har det vært … intenst her på Discord. Vi er flere som har vært ikke særlig lett til sinns, og vi har gjort vårt beste som styre for å handtere saken og jobber fortsatt med den. Jeg, for min del, merker ting godt i kropp og hode. Førstesverdmannen har normalt sett oppgaven med å videreformidle informasjon; i tillegg er jeg det eldste styremedlemmet, og det er da ofte lettere for meg å være den som setter foten ned når det trengs.

Mange reagerte på måten jeg avbrøt den ubehagelige diskusjonen som oppstod i memkanalen. Vi ble varslet av et medlem om at ting måtte tas tak i, styremedlemmet som ble varslet kontaktet resten av styret, og jeg ble ringt opp på telefon med spørsmål om hva vi skulle gjøre. Beskjeden som ble lagt ut som den aller første, ble med hensikt skrevet som den var. Det var av meg ønskelig at den skulle være et brøl i sur nordavind, for å legges merke til mellom det som ble sagt. Likevel, i forkant av at den ble lagt ut, ble den lest høyt til dem i styret som var i telefonkonferanse da; ikke alle var enige i å bannes, men jeg sa at jeg ønsket at det skulle være med for å være klart og tydelig at nå var det stopp.

Jeg innser i ettertid at jeg burde ha tenkt på at tekst er dårlig til å formidle talens kompleksitet. Det var ment å skulle være en beskjed som i seg selv uttrykte at «triggerfri sone» var tull; første del var full av «triggere» mens siste del sa at «triggerfri sone» ikke var imladrisk praksis. Dette ble dårlig formidlet i tekst, og jeg tror at for flere ble det bare oppfattet som at jeg «klikket i vinkel». Jeg var forbannet, ja, men det jeg skreiv var gjennomtenkt og med hensikt. Jeg sa det jeg sa og jeg står for det jeg sa, men jeg så verdien av å stryke bannskapen i ettertid (og erklærte derfor og at jeg modererte budskapet mitt; jeg gjorde ikke bare ei redigering, men sa òg hva jeg hadde gjort), fordi budskapet forsvant bak det skrevne ordet.

Dette har fått meg til å tenke mye i det siste på hva Imladris nå er.

Hva er Imladris for meg? Imladris var fristedet mitt. Imladris var stedet jeg kunne gå til for å lette på trykket når jeg var sliten og lei. Imladris var stedet jeg visste at jeg ble respektert som menneske, også av dem som ikke var enig med meg i alt jeg mente. Imladris var stedet jeg kunne slappe av og finne energi. Imladris var stedet der jeg visste at *ingen* baksnakket, *ingen* plaget noen, *ingen* følte seg utenfor, *ingen* var offer under svøpen av andres fanskap. Imladris var alt det jeg trengte og aldri før hadde.

Merk at jeg skrev «var».

Så hva *er* Imladris for meg *nå*? Imladris er stedet jeg må se meg over skuldra. Imladris er stedet jeg vokter talen min nøye. Imladris er stedet jeg er redd for hva andre måtte mene om meg, særlig hva gjelder dem som er uenige med meg i meningene mine. Imladris er stedet jeg går hjem sliten fra. Imladris er stedet jeg er redd for at andre baksnakker meg, andre plager venner av meg, noen føler seg utenfor og noen lider under andres selvhevdede rett til å herske. Imladris begynner å bli alt det jeg ikke trenger og nok ei fotkule å dra med seg.

Dette er ikke hva Imladris skal være.

Imladris har betydd utrolig mye for meg, og det er ikke uten grunn at jeg har investert så utallige mange timer i foreninga. Jeg er glad i foreninga og glad i så mange av dem jeg møter der. Men noen av dem som nå holder til under Imladris vernende ly, gjør at jeg er redd for at det som har gjort Imladris til det fristedet det har vært, det hjemmet hjemmefra det var, det ektefølte Rimnadal det var for meg, nå er gått tapt, og det gjør meg sannelig trist, bekymret og redd for hva framtida byr på.

Har jeg gitt opp Imladris? Det får jeg meg ikke til. Jeg jobbet beinhardt for å hjelpe til med å bygge Imladris opp til å være ei stor forening med stor takhøyde. Jeg stod på kjempers skuldre; forgjengerne mine la grunnlaget for innsatsen jeg var i stand til å gjøre, og jeg var også del av et fabelaktig styrekollegium, slik jeg også nå er. Det at jeg igjen sa ja til å bli styremedlem er et uttrykk for ønsket mitt om å fortsette å bidra til å gi studenter og andre et trygt sted i hverdagen. Jeg greier ikke å få meg til å slutte med det. Jeg, som mange andre imladrister, har opplevd jævelskap i løpet av livet som jeg ikke unner noen, og ønsket mitt om å hjelpe andre med å få et godt liv er det som holder meg i gang, mye som med instruksjonen min. Dette gjør at jeg til tider framstår som kompromissløs. Noen ganger er jeg nok det feilaktig, men jeg kommer aldri til å fire på kravene hva gjelder det å verne dem som trenger det.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.