onsdag 20. november 2019

Lingua latina: «discutio»

Nokre ord om året som var

Det er eit år sidan eg skreiv sist. Eg mista (eller mast, som visstnok er godkjent dialektal preteritumsform hos strilene) heilt gnisten; det skjedde mykje fanskap. Året 2018 er kanskje det jævligste eg har gjennomlevd, og takken for at det gjekk så bra som det gjekk, ligg ikkje hos dei eg tidlegare hadde gitt så mykje tillit til, men hos dei næraste: familie og venar. Studiane har ikkje vore så lett heller: Eg sa ja til å ta eit årsstudium så dei skulle kunne bli betre kjend med meg, men det må vere det lengste, dyraste og mest mislukka jobbintervjuet nokon gong; eg er no heilt gløymd der, ser det ut til. (På den lyse sida må eg vel nemne at eg fullførte det 60. studiepoenget mitt med latin, og dermed no offisielt har undervisingskompetanse i det. Eg er ganske stolt av det.)

Men eg har ei kone som er god med meg. Eg har familien min. Og ikkje minst: Eg har venar – gode venar – og utan dei alle hadde livet mitt vore ganske annleis no.

Eg har lært meg å skrive nynorsk. Eg kjem sikkert til å gjere det meir framover, av di det gjer meg glad. (Språk i seg sjølv er jo spanande, og eg forstår kvifor Elias Blix omfamna nynorsken slik han gjorde; han ligg nærare det nordnorske målet enn kva bokmålet gjer.) Eg har levert søknad på søknad, fått avslag på avslag, og så drog eg til England, og der ser det no ut til at det kan skje ting. Men mellombels: Språk, og dagens lingvistiske nytelse er nok ein liten sak om latinen.

Forklaring av «diskusjon»

Norske ord som sluttar på ‑sjon, er arva anten direkte frå latin, eller innimellom via fransk eller engelsk. Sjølve suffikset (etterstaving) samsvarar med latinens «‑tiō/‑siō» og blei i latin brukt for å lage substantiv som betegna aspekt av handlingar eller resultatet av disse. Dette tilsvarar korleis vi i norsk i utgangspunktet skil mellom verbavleidde substantiv som slutter på ‑ing kontra ‑ning. La meg ta eit eksempel: Verbet å bygge (både bokmål og nynorsk) har stammen bygg-; av denne stammen kan vi hengje på ‑ing og får «bygging» og får dermed eit ord som fortel at «det å byggje held på» medan eit etterhengt ‑ning, ɔ: «bygning», beskriv resultatet av handlinga – ein ferdig struktur ein kan bu i.

Dei øvrige ledda av ordet er forstavinga dis- og cu. Det første leddet er eit prefiks som tyder «i sund, i to; forkledning, fjerning; eller fullstendig, totalt». I denne konteksten er det den første tydinga som er brukt, altså «i sund, i to». Neste ledd, cu, er av quatiō, av indoeuropeisk *kʷeh₁t- som tyder «å skake». Set ein dei to orda saman, får ein «å skake sønder».

Ein kjem då til grunntydinga av discutiō: «eg sønderskjek, sønderskjelv» ɔ: «eg sler ned, knuser, spreier». I middelalderen, derimot, fikk ordet ei ny tyding, nemlig «eg undersøker, diskuterer». Ein kan forstå korleis dette harde ordet fikk den nye tydinga. Å gjere ei skikkelig undersøking krev at ein plukkar ting frå kvarandre og kastar lys på det frå alle kantar.

Det siste som gjenstår, er å forklare den finale n-en. Latin hadde fleire måtar som blei brukt til å uttrykke nasalisering. I slutten av ord, ser det ut til at dei ikkje så behov for å skrive n-en i grunnforma, som kan vere ein indikasjon på at nasaliseringa var svak der. I bøyingsstammen til ordet, derimot – ɔ: den vi hentar frå genitiv – ser vi n-en; nominativ er discutiō, medan genitiv er discutiōnis, der -is markerar genitiv; stammen av ordet er altså discutiōn-.