For nokre år sidan, i oppkøyringa til NM, greidde eg å få ei skiveutgliing rett før eg skulle ut og vere med på ei oppvising på Jekta. Det tok meg nokre månadar å bli bra att, men eg greidde det og tok del i NM; eg meinar det var i 2019. So, eit knapt år etterpå gjorde eg det same att; den gongen tok det meg nokre veker å bli god att.
I dag greidde eg det nok ein gong. Eg skulle vere med på svartbeltetrening i Cumbernauld (omtrent halvvegs mellom Glasgow og Falkirk). Eg hadde varma godt opp med tøying på gangen. So gjekk me inn i do-jang-en, eg bukka med bagen i handa, og skiva glapp att.
På femogtjue år har eg hatt fire taekwon-do-relaterte skadar; to av dei har vore anten med å halde bagen medan eg bøydde meg eller med å bøye meg for å take bagen. Dermed kan ein konkludere at utfrå det suverene datasettet mitt med fire datapunkt, skuldast 1⁄4 av taekwon-do-skadar at ein er høfleg og 1⁄2 av taekwon-do-skadar sjølve bagen. Vidare skuldast 3⁄4 av taekwon-do-skadar manglande tenkeevne. Konklusjon: slutt å vere teit og ver avmålt høfleg. Harde fakta, gitt.
Men i fullt alvor: Årsaka til dei tre skiveutgliingane mine har alle vore at eg ikkje har teke omsyn til kor tung ein bag faktisk er for ryggen når kroppen blir ei lang vippestang. Ikkje berre det, men ogso overkroppen si vekt må korsryggen take. Doktor Mike Schaefer skriv på powerlifttraining.com at ein kan rekne ein multiplikator på 10, og at overkroppen til sjølv ein slank person utgjer omkring to–treogtjue kilo (50 ℔), dermed eit par hundre kilo! Han skriv vidare at korsryggen kan takle ei belasting på opp mot ikring 450 kilo (1 000 ℔), men berre ei kort stund, og at det uansett slit på ryggen med so stor belasting. Med femogtjue kilo overkropp og ti kilo bag er det snakk om 350 kilo last på korsryggen. Då er det ikkje rart at eit stutt, lite 경례 på 15° kan gjere låkt. Difor: Ver smart, løft rett og tak ikkje snarvegar sjølv i kvardagslege, enkle oppgåver. Ein har berre éin kropp; ein skal lide seg gjennom han eit heilt liv.