mandag 10. januar 2022

Nyttige hurtigtastar for å motvirke skulderskade frå kontorarbeid

Nokre av oss har kontorarbeid som inneber mykje utklipping, kopiering og innliming. Dei fleste nyttar tastane Ctrl + X/C/V til desse oppgåvene; dei ligg lett tilgjengeleg for venstrehanda, so det er jo praktisk. Men det er eitt problem med det: Ikkje berre har venstrehanda alle dei mest nytta bokstavane i norsk (og engelsk, tysk, og so bortetter, og so bortetter), nemlig E, R, S og T, men når ho då sit og gjer roterande rørsler mange gongar for dag, kan ein få nokså låke skader i skuldra av det. Då eg jobba på Registreringssentralen skjedde nett det: Eg fekk betennelse i supra- og infraspinatus, musklane oppi skuldra som blir sett i verk når ein roterar handa innover og ned, og eg har aldri blitt bra att.

Det er kanskje ikkje særleg klårt at slike rørsler skulle vere eit problem. For min del var det kombinasjonen av mykje alt-tabbing og Ctrl + X/C/V som gjorde utslaget; å flytte noko av dette til den andre handa hjalp mykje.

Men i DOS-dagane, nytta me ikkje desse tre tastane. Det er nemlig to tastar på standardtastaturet som har nettopp i oppgåve å setje inn og å slette: Insert og Delete. Kombinerar ein det med Ctrl og Skift (på venstre eller høgre side), kan ein gjere alle dei tre oppgåvene:

Tastar til utklipping, kopiering og innliming av tekst til bruk i alle Windows-miljø
Handling Windows-tast DOS-tast
1 Eg kallar dei DOS-tastar fordi det er nett og lett å hugse. Slik ein kan nytte ASCII-tegnkombinasjonane frå DOS i Windows, kan ein òg nytte desse DOS-tastekombinasjonane. Det same gjeld òg ScrLk, som verkar på same måte som i DOS i mellom anna LibreOffice Calc og Microsoft Excel (han låsar peikaren so piltastane flyttar skjermen i staden).
Klippe ut Ctrl + X Skift + Delete
Kopiere Ctrl + C Ctrl + Insert
Lime inn Ctrl + V Skift + Insert
Bilete av høgre sida av eit Microsoft Sculpt-tastatur, som syner kontrolltastane. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Bilete av høgre sida av eit Microsoft Sculpt-tastatur, som syner kontrolltastane. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

Det finaste med å nytte desse, er at ein kan lett kombinere dei anten med høgre eller venstre hand til Skift/Ctrl og slik avlaste etter behov. Ja, ein kan sjølvsagt gjere det med X/C/V-kombinasjonane òg, men sidan dei ligg so nære Ctrl-tasten som dei gjer, er det nok dei færraste som gjer det. Ein annan ting eg likar, er at eg synest handrørsla er betre når eg berre nyttar høgrehanda, av di eg ikkje treng å rotere i det heile: Eg berre kakkar tastane med peike- og ringfingeren, som motverkar rotasjonsrørsla eg har får med lille- pluss peikefingeren med venstrehanda. Vidare er det særs kjapt å arbeide med ei hand på Ctrl- og Skift-tasten og høgre handa til å navigere Home, End, Insert og Delete, for å manipulere teksten du vil kopiere og lime inn; særleg komboen Skift + End → Skift + Delete, altså merk alt frå markørpunktet til slutten og klipp det ut, er særskild rask å gjere med desse tastane.

Lærer du deg å nytte desse tastane, kan du kanskje spare deg for ein tur til fastlegen for å få kortisonsprøyte i skuldra di. Tru meg, det gjer låkt! Og viss du først får ein slik betennelse, kan du rekne med lang sjukemelding (eg blei 100 % sjukemeldt i ein månad, og fekk deretter berre gradvis byrje å arbeide att), og det er sannsynleg at du aldri blir heilt frisk att.

Set av tida til å lære deg dette; det tek neppe meir enn ein dag å bli van til det. Løna? Den kan hende du har god rygg og og fungerande skuldre når du blir 35–40 år, og ikkje minst når du blir pensjonist. Alle som har løfta nieser, nevøar eller barneborn opp, kan skrive under på at dét er slike nye vanar faktisk verdt!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.