onsdag 24. april 2024

Eit lite Steam-tips: lat biblioteket visast fyrst

Har du som meg irritert deg litt over at du alltid må velje deg vekk frå Steam-butikken for å kome deg inn i biblioteket ditt? Det er faktisk veldig enkelt å endre det. Her får du vite korleis:

Det er klårt at Steam ønskjer at du skal sjå butikken deira. Men for dei fleste av oss er det viktigaste når me set oss ned for å spele, ikkje å få meir reklame i trynet, men å berre få spele i fred og ro. Det aller fyrste du må gjere, er å slå av foreldre‑/​familiemodus. Viss dette er på, er knappen grøn; viss ikkje er han grå. I biletet nedom (Figur 1) ser du kor han er: vanlegvis den tredje knappen til venstre for brukarnamnet ditt.

Bilete av menylina i Steam
Figur 1: Menylina i Steam. Pila peikar på der familiemodusknappen er. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter.

Når du har klikka denne og slått av familiemodus med passordet/PIN-koden din, er det mogleg for deg å opne innstillingane som du må inn i. Klikk Steam → Settings for å gå vidare (Figur 2).

Bilete av Steam-menyen med Settings merka.
Figur 2: Steam-menyen med Settings merka. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter.

Når du har gjort dette, får du opp eit stort vindu med mange innstillingar. Sjå Figur 3.

Bilete av Innstillingane i Steam-menyen Settings
Figur 3: Innstillingane i Steam. Vala som ikkje er relevante er gråna ut. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter.

Alt du treng å gjere no, er å klikke Interface og deretter åpne rullegardinmenyen under Start Up Location. Her vel du Libary og frå no av kjem Steam til å starte opp med biblioteket ditt som fyrstevising.

God speling!