Reddit er ikkje ein dum plass – om ein veit kva ein vil ha og greier å finne kjelder til ting. Mange har sikkert sett oversikten over kva farger ein nyttar til kva høve, men kva er kjeldene til dette? Nokre historiske nyheitsartiklar kan vere til hjelp her, so her kjem dei omsett til framtidig nytte.
Den vanlegaste forklaringa
Men før du hiv deg i kast med å nytte bildet over som grunnlag, sjå nærare etter på tekstane eg syner til lengre ned òg. Det var ikkje slik at dette var den absolutte fasiten; det var fleire forskjellige måtar å gjere det på, etter kven ein skreiv til og kor ein kom frå. Franskmennene hadde ikkje overraskande eit rikt utvikla fargespråk til kjærleiken, til dømes (og det jamfør London-avisa The Sacred Heart Review). So les til botnen, so oppdagar du litt av kvart.
Eg attgjev her den teksten som vanlegvis får mest merksemd litt framheva, med åtvaringa om at ikkje alle var samde i at dette var den rette måten å gjere det på.
Meaning of Colours in Sealing Wax
Burra Record, Tuesday, October 25, 1887
The language of flowers is supposed to be known by every educated person, at least by those credited with being capable of blushing. But who knows the language or the colors in sealing-wax? We are indebted to the Philadelphia Times for the following information:— Flirtations in sealing-wax are the latest racket (says a stationer). The ordinary red wax signifies business, and is supposed to be used only for business letters. Black is, of course, used for mourning and condolence. Blue means love, and as we make four or five tints of this color, each stage of tender passion can be accurately portrayed. When pink is used, congratulation is intended. An invitation to a wedding or other festivity is sealed with white wax. Varigated colors are supposed to show conflicting emotions. Do you know that thimbles are being utilised to bear seals? Fact. The designs of that sort are mild just now, but are developing. We’ll work the idea up, and think it will become fashionable. The odors which are used in the wax are ravishing in their delicacy—that is, the expensive sort. The cheaper grades are as bad as the pomatum of a five cent barber’s shop. The perfumery is the element of cost in the wax. A Paris firm makes the finest imported article. The perfume of burning wax fills an ordinary apartment, and lingers about the envelope for hours.
Segllakkfargetydingar
Burra Record, tysdag, 25. oktober 1887
Blomespråket skal vere kjend av einkvar danna person, iallfall blant dei som seiast å kunne rødme. Men kven kan segllakkspråket eller ‑fargene? Me skuldar Philadelphia Times for den følgjande informasjonen:
Å flørte med segllakk er siste skrik (seier ein bokhandlar). Den vanlege raude lakken tyder forretning og er kun meint til forretningsbrev.¹ Svart er sjølvsagt brukt til sørging og kondolanse. Blå tyder kjærleik, og sidan me lagar fire eller fem avbrigde av denne farga, kan ein skildre kvart av lidenskapstrinna nøyaktig. Når ein nyttar rosa, er høvet å gratulere. Ein invitasjon til bryllaup eller andre festlegheitar forseglar ein med kvit lakk. Blanda farger er meint å syne motstridande kjensler. Visste du at fingerbøl vert nytta til å bere segl? Fakta! Utforminga av slike slag er mindre utbreidd nett no, men tiltakande. Me skal jobbe med tanken og trur han kjem til å kome påmoten. Duftene som blir nytta i lakken, er fortryllande i nett med å vere delikate – ɔ: det dyre slaget. Dei billigare kvalitetane er so dårlege som pomaden hjå ein tiøres bartskjer. Parfymeriet er det fordyrande i lakken. Eit firma i Paris tilverkar den finaste importerte varen. Parfymen i brennande lakk fyller ei vanleg leilegheit og driv omkring får konvolutten i timesvis.
Noter
1. Ein må her forstå «forretning» i den vidare forstanden, altså i tydinga ‹formelle brev og saker›. Attende til teksten.
Andre kjelder
Reddit-posten eg lenka til synte òg til andre kjelder. I The Sacred Heart Review, band 12, nummer 21, 13. oktober 1894 står det at ein i Frankrike nytta fiolett for å uttrykkje sympati, sjokoladebrunt til middagsinvitasjonar, raudt for forretning
og til kjærleik fleire farger: rubinraudt mellom trulova elskarar, grønt til brev frå elskarar som framleis levde i håpet og brunt for å avvise frieri; medan blått synte at ein var standhaftig, gult sjalusi, bleikgrønt avvising
. Vaksne folk nytta ikkje rosa, for rosa blir nytta av småjenter
. Og mellom venar? Då var rette farge grå.
I boka The Inter Ocean Curiosity Shop s. 129 får ein attgjeve eit lesarbrev med svar. Dei fortel stort sett det same som dei i London hadde å seie, men med nokre nyanseforskjellar: Consulting a stationery dealer on this subject we are informed that the language of sealing wax is a late fashionable fad. A meaning has been given to all the colors generally made, and all persons who use sealing wax on their letters should be acquainted with these meanings, so that their use of a favorite shade may not be misinterpreted. In this new language white means a proposal of marriage, black is a message of death, of course, and violet signifies sympathy or condolence. Chocolate should be used for invitations to dinner, vermilion for business communications, while ruby—suggestive perhaps of a bleeding heart—is used to seal love-letters. Green is used to signify hope, brown to tell of melancholy, blue of constancy, and yellow of jealousy. Pink is the proper color for school-girls to use in sending letters to one another, while matured ladies should use gray for letters of friendship.
Merk at dei her altså presiserte sinoberraudt til forretning. Dei er samde i at sjokoladebrunt er rett farge til middagsinvitasjonar (som i London-avisa), og i motsetnad til Burra Record / Philadelphia Times seier både denne og The Sacred Heart Review at ein ikkje takkar med rosa, sidan det kun er farga skolejenter nyttar, her i sistsiterte tekst for å sende brev til kvarandre
(mi utheving). Ein må forstå matured ladies
som nøytralt vaksne damer
, ikkje meir enn det.
I Godey’s Lady’s Book, and Ladies’ American Magazine band 130 er det mykje interessant å fortelje om segllakken, her eit utdrag frå ss. 331f:
In ancient times the folding of a letter was a high art, for envelopes were unknown, and no person’s education was deemed complete unless they could fold a letter in the proper manner. In these days a ribbon or silken cord was tied about the missive with intricate knots; the lovers of olden time were wont to untie the Gordian knots which fastened their love-letters in true Alexandrian fashion, and were in the habit of severing the silken strings with their swords.
Then some genius invented sealingwax, which was only used by lords and ladies, the humbler wafer serving the common people.
As the age became more utilitarian both wafers and wax were consigned to oblivion, the gummed envelope taking their place; for quite a number of years the art of sealing a letter was wellnigh forgotten.
When the cyclone of æstheticism rolled over the civilized world, there was a return to ancient things, and with many other charming customs sealing-wax was revived. Our grandmothers and grandfathers used scarlet wax for sealing both their business and sentimental communications. Now there is wax appropriate to every occasion.
The French, with the exaggerated but pretty conceits incident to that nation, have invented a sealing-wax code which has a distinct language of its own. Another canon of la mode is that the paper and wax should be of the same color, although white with colored wax is admirable. Violent contrasts are always in bad taste.
Of course, the papeterie used for nuptial announcements is of a white or creamy tint; the wax chosen should match. Black is used when sending out obituary notices or when replying to letters of condolence. For ceremonious dinner invitations chocolate or wine color is de regle (sīc). (Her skulle dei ha skrive règle.) Scarlet is strictly relegated to law documents and business correspondence. Ruby color, which signifies ardor, is that chosen by engaged people; the lover who has aspirations, but is not quite sure of acceptance, uses green, the emblem of hope. A dead-leaf brown, significant of sighs and wilted hopes, is suitable when a discarded suitor writes to a fair one. Blue is the symbol of constancy, yellow of jealousy, and a pale uncertain green means distrust and reproaches. School-girls are fond of using pink, the roseate hue being indicative of their gushing feelings. Gray is the tint of friendship and best adapted for general correspondence.
I gamal tid var det å brette brev ein kunst, for ein kjende ikkje til konvoluttar, og ingen menneskjer si utdanning såg ein som fullstendig med mindre dei kunne brette eit brev på rett vis. På denne tida var eit band eller ein silketråd knytt rundt sendinga med intrikate knutar; elskarane i oldtida kunne gjerne knyte opp den gordiske knuten som heldt saman kjærleiksbreva deira på ekte aleksandrisk vis, og hadde for vane å kutte silketrådane med sverda sine.
Nokon som får kjensla av at nokon draumarar har dikta opp ting her? Å neeei, dei har heilt sikkert studert historiske kjelder for å finne belegg for dette.
So fann eit eller anna geni opp segllakken, som kun blei brukt av herrar og fruer, medan den enkle eit enkelt oblat tente ålmugen.
Tidevervet blei meir nytteretta, so både oblata og lakken blei avleggse – den gummierte konvolutten tok plassen deira; i ganske mange år var kunsten å forsegle ein konvolutt nær gløymd.
Når estetikkens syklon kom rullande over den siviliserte verda, vende ein seg attende til dei gamle tinga, og saman med mange andre sjarmerande skikkar blei segllakken gjenoppliva. Bestemødrene og bestefedrene våre brukte skarlagensraud lakk til å forsegle både forretningskorrespondanse og sentimental soleis. No har me lakkar som passar til kvart eit høve.
Franskmennene – med dei overdrivne, men vakre grillane ein forbind med nasjonen deira, har funne opp ein segllakkkode med sitt eige særeigne språk. Ei anna kanniklære jamfør moten (merk at la mode er ‹mote› medan le mode er ‹måte›) er at papiret og lakken skal ha same farge, skjønt kvit saman med farga lakk er fortreffeleg. Valdsame kontrastar er alltid dårleg smak.
Brevmaterialet til trulovingskunngjeringar er sjølvsagt av kvit eller kremaktig avbrigde; den valde lakken burde samsvare. Svart blir brukt når ein sender ut dødsmeldingar eller når ein svarar på kondolansebrev. Til invitasjonar til middagar av seremoniell eller høgtidskarakter er regelen sjokolade- eller vinfarge. Skarlagen er er strengt tilvist lovdokument og forretningskorrespondanse. Rubinraud, som tyder iver og attrå, er farga vald av trulova; elskaren som har von, men ikkje er so trygg på å bli godteken, brukar grøn, håpet sitt sinnbilete. Brunt lik daude løv, teiknet på sukk og knuste håp, passar til den avviste friaren som skriv til den fagre. Blått er symbol på standhaftigheit, gult på sjalusi, og eit bleikt, usikkert grønt tydar mistru og klandring. Skolejenter er glade i å bruke rosa, sidan den rosenfarga tonen er ein peikepinn om dei overstraumande kjenslene deira. Grå er venskapsfarga og passar best til ordinær brevveksling.
Merk at dei fortel at ein helst skal ha same farge på konvolutt som segl, men at kvitt går godt med alt; sterke kontrastar er dårleg smak. Kva gjeld farga på lakken, seier dei at franskmennene meinar at kvit eller farga lakk er gode farger til trulovingsbrev, ɔ: ei farge som samsvarar med papiret. Middagsinvitasjonar kan vere sjokolade eller vinraud, ikkje berre sjokoladebrun. Skarlagensraud er farga dei seier ein skal nytte i forretning medan trulova nyttar rubinraud lakk. Den avviste nyttar ikkje berre brun lakk, men brun lik eit daudt løv. For rosa, er forklaringa at det hintar til dei overstraumande kjenslene deira
– jau, slik er det! Og også desse seier at grå lakk er rette farga for korrespondanse mellom venar.
Oppsummering og tabell
Det verkar som at det var på slutten av 1800-tallet at bruken av segllakk såg renessansen sin, sjølv om desse fæle sjølvklebande konvoluttane var komne. (Nok ei skotsk oppfinning, om eg ikkje tek feil.) Dei fire døma som blei funne av redditbrukaren er i stor grad samde i korleis ein skal gjere det, bortsett frå den fyrste som skil seg frå dei andre, og som diverre har blitt grunnlaget for plakaten som, som nemnd, er so ofte synt til når folk spør. Difor gjev eg her ein oversikt so du sjølv kan ta eit informert val:
Hending eller høve | Burra Record | The Sacred Heart Review | The Inter Ocean Curiosity Shop | Godey’s Lady’s Book |
---|---|---|---|---|
Blanda kjensler | blanda farger | |||
Brev mellom jenter | rosa | rosa | rosa⁴ | |
Brev mellom venar | grå | grå⁵ | ||
Brev mellom damer (venskap) | grå | |||
Forretning | vanleg raud | raud | sinoberraud | skarlagensraud |
Forretning, lovskriv | skarlagensraud | |||
Gratulasjon | rosa | |||
Invitasjon til bryllaup og annan fest | kvit | |||
Invitasjon til middag | kvit | sjokoladebrun | sjokoladebrun | sjokoladebrun eller vinraud² |
Invitasjon eller kunngjering av truloving eller ekteskap | kvit eller kremnyanse, lik papirfarga¹ | |||
Kjærleik | blå, 4–5 gradar etter intensitet | rubinraud | ||
Kjærleik, avvise frieri | brun | |||
Kjærleik, avvising | bleikgrøn | |||
Kjærleik, avvising og mistru | bleik, usikker grøn | |||
Kjærleik, frieri | kvit | |||
Kjærleik, frå avvist til elska | brun som daude løv³ | |||
Kjærleik, håpefullt | grøn | grøn | grøn | |
Kjærleik, melankoli | brun | |||
Kjærleik, mellom trulova | rubinraud | rubinraud | ||
Kjærleik, standhaftig | blå | blå | blå | |
Kjærleik, sjalusi | gul | gul | ||
Sorg | svart | gul | ||
Sorg, dødsmelding | svart | svart | ||
Sorg, kondolansesvar | svart | |||
Sorg, sympati/kondolanse | svart | fiolett | fiolett | |
1) Konvoluttfarge | Jamfør Godey’s Lady’s Book: Papir og lakk bør vere same farge, men kvitt med farga lakk er godt. Harde kontrastar er alltid dårleg smak. | |||
2) Middagsinvitasjon | Same kjelde som over seier at sjokoladebrun eller vinraud farge er til invitasjonar til høgtidelege/seremonielle (mi utheving) middagar. | |||
3) Frå avvist til elska | Same kjelde som over seier at Brunfarge lik daude løv, som eit symbol på sukk og brotne håp, er passande når ein avvist friar skriv til den fagre. | |||
4) Brev mellom jenter | Same kjelde som over seier at Skolejenter er glade i å bruke rosa, for den roseliknande tonen hintar til dei overstraumande kjenslene deira. | |||
5) Brev mellom venar | Same kjelde som over seier at grått er venskapets tone og passar best til ordinær brevveksling. |
Eg vonar dette kan hjelpe deg å velje rett farge til seglet ditt. Eg veit at eg sjølv har sendt fleire brev til venar med raudt, jamfør oversikten i bildet på toppen. No veit eg at det er grått eg burde velje når eg skriv til venane mine. Eller var det raudt? Det var jo godt nok til besteforeldrene …! God skriving!