Eg gjorde eit dugeleg innslag på hol 8 på Linn Park no laurdagen som var, men med våt bane og våtare green ser det ut som eit bittelite meteornedslag. Jorda under har blitt trykt ihop og kjem til å kvele graset. Kva gjer ein då? Ein finn fram greengaffelen sin og reparerer holet etter seg. Etter to minutt ser det ut som på biletet nedom, og i staden for å bruke vekesvis på å bli fint att, er det like fint om få dagar.