fredag 19. juni 2020

Symbolar for metrikk i poesi (Unicode)

Eg har hatt god nytte av metrikksymbola i særleg den siste eksamenen eg skreiv. Mange stader finn ein skrivemaskinaktige tilnærmingar til å syne metrikken i tekst, med å til dømes bruke ein u for ⏑ (brevis), men dette ser høgst uprofesjonelt ut. Som venta er alle desse symbola definert i Unicode, og i utgangspunktet skal alle symbol som brukast i verda ha sitt eige kodepunkt. For arsis (langt slag) brukar ein tankestrek (n-dash, U+2013) og for anceps (tvetydig lengde) brukar ein multiplikasjonsteiknet (U+00d7). Metoden for å legge inn teikna er like enkel i både LibreOffice (kontorprogramvarepakken for frie menneske) og Microsoft Office (for kapitalistiske slavar): Tast den heksadesimale koden og trykk Alt + X.

Heksadesimale (seks-og-ti) har seksten siffer frå 0 til f. 0–9 representerer verdiane 0–9 og a–f representerer verdiane 10–15. Det tosifra, heksadesimale talet af, til dømes, er i titalssystemet lik
[a = 10] × 16¹ = 10 × 1 = 160
+ [f = 15] × 16⁰ = 15 × 1 = 15
= 160 + 15 = 175

Om teiknet du står inntil er a eller e, kjem dette til å bli reikna med som del av talet. Dette kan du løyse med å taste åtte siffer, til dømes slik:

alliga00000306 [Alt + x] → alligă
alligă00000304 [Alt + x] → alligă̄

Dessverre ser ikkje dette ut til å virke når bokstaven du står inntil er U. I så høve anbefaler eg den glimrande sida Amp-What.com. Finn teiknet du vil ha (skriv namnet, Unicode-koden eller html-namnet, eller bare lim det inn, så får du opp alle treff. Klikk på boksen som har teiknet du vil ha, og klikk på det du ønsker å kopiere (teiknet, koden, namnet eller kva det måtte vere).

Ein samla oversikt over teikna er å finne gjennom Brill som ein gjev PDF (v. 1.0.3 26. 2008 av Pim Rietbroek), men eg attgjev han her for enkelheits skuld. I motsetnad til Brill, har eg oppgjeve riktig Unicode-namn på alle teikna heile vegen gjennom (trur eg, i alle fall), og eg har korrigert eit par oppføringar jf. M. L. West: Introduction to Greek Metre, Clarendon Press, Oxford, 1987.

Liste over metriske symbol til bruk i lyrikk

Symbol Namn (i Unicode) Funksjon Unicode-kodepunkt
× multiplication sign anceps 00D7
⏑ metrical breve breve/thésis 23D1
– en dash arsis/longum 2013 eller Alt+0150
⏒ metrical long over short thésis som kan vere arsis 23D2
⏓ metrical short over long arsis som kan vere thésis 23D3
⏔ metrical long over two shorts to thésiser som kan vere arsis 23D4
⏕ metrical two shorts over long arsis som kan vere to thésiser 23D5
◯◯ large circle to posisjonar, minst ein lang 2 × 25EF
⏖ metrical two shorts joined to thésiser som høyrer saman 23D6
⌒ arc brevis in longō 2312
̭ space, combining circumflex accent below catalexis-indikator 0020 032D
⁝ tricolon ordsluttindikator 205D
| vertical line ordsluttindikator 007c
‖ double vertical line periodeslutt eller -byrjing 2016
||| 3 × vertical line strofeslutt eller -byrjing 3 × 007c
⊗ circled times byrjing eller slutt på verk 2297
H latin capital letter h hiatus 0048 (eller berre tast H). Merk teiknet og formater det med sups=1.
∫ integral svalehale, ɔ: ordslutt ein posisjon seinare 222B
~ tilde «responsjon», ɔ: i svar med 007E
¨ diaeresis anaklastisk 00A8
́ combining acute accent ictus (slag) 0301
͡ combining double inverted breve bru 0361. Denne er også gjev til å vise elisjonar.
⏗ metrical triseme trisem (jf. –⏑) 23D7
⏘ metrical tetraseme tetrasem (jf. ––) 23D8
⏙ metrical pentaseme pentasem (jf [?]) 23D9

Dei som brukar gode kontorprogramvarepakkar, som OpenOffice og LibreOffice, har moglegheit til å leggje til heile aspektet av OpenType-kommandoer i definisjonen av skrifta. Her er eit døme på korleis superskript H ser ut:

Aldri bruk superskript- eller subskript-knappane i programvarane; det einaste dei gjer er å flytte bokstaven opp eller ned og forminske han. Da får du linjer med feil strokbreidde og det ser på alle måtar ut som eit uprofesjonelt ungdomsskoledokument. Du gjer ikkje slikt; du er ein proff.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.