fredag 21. februar 2025

Korleis setje inn tidsstempel i Google Sheets med norsk tastatur

Det er lengje sidan sist no, og rett på sak: Kva tastar må du trykke på eit norsk tastatur for å setje inn tidsstempel i Google Sheets?

Ja, det er lengje sidan sist. Det er ikkje det at ikkje har hatt skrivetrong; det er det at eg har hatt so lite fritid. Eg står opp kvart på seks, tek bussen klokka tre på halv sju, er på jobb frå omkring ti på åtte til fem på fire, tek bussen heim att og er her klokka halv seks, og so er det berre ein tre timars tid til eg bør leggje meg att. Og sidan eg er lærar, so må eg planleggje, og diverre går det med nokre timar utanom arbeidstid til det. So eg har mykje å fortelje om, men har berre ikkje hatt tid.

Om du leitar på nettet, finn du at det er tre snarvegar for å leggje inn tidsstempel i Google Sheets: Ctrl + ; for å leggje inn datoen, Ctrl + Skift + ; for å leggje inn tida og Ctrl + Alt + Skift + ; for å leggje inn tida og klokkeslettet. Men dette verkar ikkje på ikkje-engelske tastatur.

For å leggje inn det same på eit norsk tastatur, tast følgjande:

  1. For dato: Ctrl + ¨^~-tasten
  2. For tid: Ctrl + Skift + ¨^~-tasten
  3. For dato og tid: Ctrl + Alt + Skift + ¨^~-tasten

Og med det får du dei tre alternativa som du ser i biletet.

Bilete av dei tre innsette tidskodane med hjelp av tastatursnarvegar i Google Sheets
Dei tre tidsstempla 1–3 i Google Sheets, her synt med Alegreya Sans.