torsdag 30. august 2018

HIF-1300: Likestilling. I: Første forelesing og seminar

Første forelesning

Eit av dei nye emna eg tek, innanfor fag eg ikkje har hatt før, er HIF-1300 Likestilling. Jeg har ingen anelse om hva HIF står for, og finner det ikke på UiT si hjemmeside, men det er nå uansett ikke viktig.

Førsteinntrykk og innhald

Då eg kom inn i seminarrommet, må eg seie at eg vart kanskje ikkje overraska, men noko skuffa, over å sjå at eg var den einaste mannen som skulle vere med. Kor er alle dei andre karane? Finnast det nokon grunn til at ikkje karmenn skal lære om likestilling og kjønn? Tydelegvis har dei meir arbeid å gjere for å få karane til å melde seg på, men eg skulle ikkje forundre meg om senternamnet i seg sjølv er grunn nok til å forklare at det ikkje kjem søkjarar (i motsetnad til «søkjarinner») dit; eg har sjølv tidlegare snakka om korleis eg synest senternamnet i seg sjølv er problematisk, på same måte som at eg mislikar siste ledd av første paragraf i den nye likestillings- og diskrimineringslova.

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering

Den nye lova – likestillings- og diskrimineringslova – blei rettskraftig 16. juni 2017, og fekk mykje omtale då. Då ho kom, bestemte eg meg for å lese gjennom heile lova, og som mange andre kommenterte: Første paragraf var skuffande. Kva fan rettferdiggjer at eitt bestemt område av likestillings- og diskrimineringsproblematikken skal framhevast over alle andre? Les sjølv:

Kapittel 1 Innledende bestemmelser
§ 1. Formål

Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person.

Med likestilling menes likeverd, like muligheter og like rettigheter. Likestilling forutsetter tilgjengelighet og tilrettelegging.

Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling. Loven skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer, og hindre at nye skapes.

Du kan lese ho sjølv på Lovdata.

Ja, sjølvsagt er det viktig å bedre stillinga til kvinner, og til minoritetar, men kva med eldre? Transseksuelle? Aseksuelle? Ikkje-religiøse? Alle – alle! – risikerer å utsetjast for diskriminering. At kvinner skulle fremhevjast (med å stå først) er ikkje god grunn til, for ein kan velje å definere minoritetar som einkvar person eller eikvar gruppe som i ein gitt situasjon er underdanig. Ein kunne ha oppnådd eksakt det same med å skrive berre «minoritetar», eller enda betre med å utelate setninga i det heile.

Det første me gjorde, etter å ha fått noko kjapp informasjon, var å presentere kvarandre. Eg syntes dette var ein hyggeleg måte å starte på. Ho eg introduserte, var der for generell interesse, ønske om å få nye perspektiv, tok årsstudiet for å venne seg til studiesituasjonen, og håpa å lære noko nytt og få nye tenkjemåtar.

Etter at alle var presentert, snakka prof. Lotherington litt om innhaldet i kurset. Dei ønskar å presentere livsreisa med kjønnsperspektiv: Som barn finn me kjønnet vårt; som ung voksen tar me til med studia, og finn kjønnsidentiteta vår der; deretter er det arbeidslivet for dei fleste, der kjønn kan ha mange funksjonar; og parallelt med det stiftar dei fleste etter kvart ein familie, der kjønn kan ha mykje å seie for korleis ein stiller seg til kvarandre; kulturfeltet er noko me har med oss heile livet; og til sist kjem alderdomen, med nye syn på tilveret.

Studia og studietur

Det er visst slik no at alle studentar skal til utlandet i løpet av studia sine. For årsstudiumsstudentar er det sjølvsagt ikkje pengar til å reise bort i månadsvis, men ein ekskursjon, det får me. For studentane på HIF-1300 inneber det at me skal på ekskursjon til Umeå, byen som har som mål å vere verdas mest likestilte by. Det blir ein tur frå sø. 23. til on. 26. september, med ankomst ein gong på tidleg ettermiddag onsdagen. (Som naturlegvis gjer at det kolliderar med vegleiinga til arbeidskravet i HIS-1020.)

Kva gjeld arbeidskrav, får me eit individuelt arbeidskrav; dei har hatt dårlege erfaringar med gruppearbeidskrav tidlegare, mellom anna kva gjeld vurdering. Me skal anten gjere eit feltarbeid i Umeå, eller analysere eit sjølvobservert fenomen. Me skal levere ein presentasjon på 10–15″ og ein 3–5-siders tekst. Noko av det viktigste er at me viser tydeleg at me har opparbeidd eit omgrepsapparat og -forståing, så det er god grunn til å lese teorien.

Eksamen kjem til å fokusere på det same. Me får nokre oppgåver der me skal forklare ulike kjønnsrelaterte omgrep. Deretter får me tre oppgåver som me skal velje to av, og bruke omgrepa me har lært i ein samanhengande tekst.

Avslutning av forelesning – og kvinnesjåvinisme

Til slutt hadde me ei oppsummering. Ho fortalde då at ho hadde blitt spurt av NRK om dei kunne lage ein spørreleik til eit program dei skulle lage om likestilling. Ho ønska å teste den ut på oss, og temaet var «Kor mykje feminist er du?»

Det høyrast jo greit ut, og kan vere eit interessant spørsmål. Skjønt eg, som fleire andre eg har høyrt og lest om, har problemar med at «feminisme» på eit eller anna vis skal bety det som omhandlar alle kjønn. Kvifor kallar man det ikkje då for «generisme»? Av latin gĕnus, -ĕris, frå gresk γένος. Me satte jo i gang, og det var noko fliring. Ikkje så rart, for spørsmåla var til dels latterleg formulert.

Første spørsmål var noko sånt som Du står og henger opp klærne, og det går opp for deg at samboeren allerede sitter og surfer på Nettet. Hva tenker du? Det høyrast jo heilt uproblematisk ut, og er eit godt nok spørsmål i og for seg, til ei slik utspørjing. Men så var det svaralternativa då. Første alternativ var omtrent Det gjør ikke noe. Han vant sikkert i stein–saks–papir. (Mi utheving.) «Han»? Kvifor ikkje «Ho vant (…)»? Eg byrja sjå tendensen. Det var eitt spørsmål om at professoren eins inviterer ein heim på kaffe, etterfulgt av ei setning som gjorde det klart at professoren var ein mann (igjen personleg pronomen 3. person eintal). Eg tenkte for min del to ting då: «Kvifor ikkje Synnøve?ͧ og at «Om Richard hadde gjort det, hadde eg jo blitt glad og takka ja!» Eg skjønte så klart kva spørsmålet var ute etter, og det var naturlegvis ein mannleg professor som skulle potensielt antaste ei studine. (Ja, eg veit at slike kjønnsbestemte substantiv ikkje fell i god jord lenger, men eg har då òg møtt på kvinnelege servitørar som hardnakka insiterer på at I e da for fan ikkje nokken servitør‽ Servitrise!.

Tre av spørsmål var det ikkje mogleg for meg å svare på i det heile tatt, då eg har feil kjønn. Fleire av dei andre spørsmål stod valget mellom dei minst irriterande alternativa. I det heile ga spørsmåla meg inntrykk av å tru at alle forhold består av mann og dame, der han er lat og gjer ingen ting heime, eller han er ein antastande voldsmann, eller han er [sett inn det militantfeministiske synet ein enn måtte ha på menn her]; ho er hardtarbeidande og frilynt, men lid under husmorsåket og «kvinneproblem». Det var som om heile ramma for spørsmåla var misnøgde folk frå 70-talets frigjeringstid.

Å få slikt i fleisen som avslutning på første forelesing/seminar, var inkje anna enn irriterande. Eg var forbanna då eg gjekk derifrå; eg trudde verkeleg at me hadde kome lengre enn som så. Er det slik det skal vere, og er det slik det er i kjønnsforskarmiljøet (eg har skrive om noko liknande tidlegare), undrast eg over hodet ikkje over at ingen andre menn hadde søkt seg dit. Det kan visst bli eit krevjande årsstudium.

PLASSERING: Hjemme: Utsikten 30, 9018 Tromsø Kontoret: Registreringssentral for historiske data, Breiviklia 14, 9019 Tromsø Lesesalen: UiT Norges arktiske universitet, Institutt for historie og religionsvitenskap, Klokkargårdsbakken 40, 9019 Tromsø UB: KS-biblioteket, UiT Norges arktiske universitet, Huginbakken 12, 9019 Tromsø, Norge Imladris: Studentforeningen Imladris, Humaniora samfunnsvitenskap og lærerutdanning, UiT Norges arktiske universitet, Huginbakken 10, 9019 Tromsø, Norge

torsdag 23. august 2018

HIS-1020 Ⅰ: Dei europeiske trolldomsprosessane, første forelesning

Eg har lært meg å skrive nynorsk! Skal ein meistre det, må ein øve på det, så eg kjem til å skrive studiepostane mine (og kan hende nokre andre ting òg) på nynorsk. Eg må fortsatt slå opp mykje, men det byrjar kome seg; kan hende skal eg skrive ein post om dette om ei ri (altså «om ei stund»).

Attende på studiebenken

Eg blei arbeidsledig i fjor sommer, etter at RHD – etter at eg hadde vore der i to år – tre veker før tredje kontraktsfornying (det blei gjort halvårleg) oppdaga at det ikkje var lov med meir enn to års tilsetting. Det var ikkje noko hyggeleg, må eg få seie, og no vel eg å nemne dette offentleg for første gong.

I leitinga etter jobb tok eg til slutt kontakt med Kvinnforsk igjen, og dei var veldig interessert i prosjektforslaget mitt. Eg var i eit møte med prof. Lotherington, og ho meinte det var ein veldig god idé at eg tok eit årsstudium i likestilling og kjønn, så dei fekk blitt betre kjent med meg. Så da gjorde eg det, og i går var første forelesning.

«forelesing»?

Samandrag av forelesning № 1 med førsteamanuensis Rune Blix Hagen

Det viste seg at det er nokre feil på nettsida til UiT, så eg sende dette til Hagen:

Tor-Ivar Krogsæter
14:45 (for 0 minutter siden)
til Rune

Hei

På sida som annonserer nettkurset i trolldomsprosessane, står det at emnekoden er HIS-1021, men denne er reservert eit eldre emne (Romerriket før og etter Konstantin). I emnekatalogen, derimot, finner eg at nettkurset har emnekode 1051.

Forelesninga starta med litt generell praktisk informasjon, før me gjekk i gang med det fagspesifikke. Av pensum, blei me anbefalt å lese om dei europeiske prosessane først, så The Oxford Handbook of Witchcraft in Early Modern Europe and Colonial America og Hagen si bok Dei europeiske trolldomsprosessane; diverre er ingen av desse tilgjengelege i nettutgåve, så eg må på eit eller anna vis få pengar til å skaffe dei. Seinare i semesteret skal me gå over til dei lokale hendingane, og da treng me Liv Helene Willumsen si bok Dømt til ild og bål : trolldomsprosessene i Skottland og Finnmark og Steilneset minnested : kunst, arkitektur, historie; av denne siste er det òg ein artikkel tilgjengelig, denne i det minste å få lest med open tilgang. I tillegg er det nokre nettressursar å lese, som heimesida åt Hagen. I tillegg er materialet frå nettkurset (HIS-1051) tilgjengelig, der det sjamanistiske perspektivet får belysing.

Han byrja no å presentere det faglege innhaldet. Me blei først vist eit bilete av Steilneset minnesenter.

Bilete av Steilneset minnestad frå https://nordnorge.com/ost-finnmark/?News=469

Bilete av Steilneset minnestad frå nordnorge.com. Sida har òg ein del informasjon om staden. Biletet over er ikkje det same som Blix viste oss.

I Noreg var det over tre hundre som blei drept under hekseprosessane, men Finnmark hadde dei mest brutale i forhold til folketal. Det seier seg sjølv at trolldomsprosessane er eit eige kurs her oppe, sidan det er rett i nærmiljøet vårt det skjedde. Steilneset er den mest påkosta minnestaden over hekseprosessane i Europa. Det har kunstutstilling innvendig, saman med den kunstferdige presentasjonen av dei nokre-og-nitti presentasjonane av ofra. På heimesida til Varanger museum presenterast bygget og ustillinga slik:

Minnehallen til den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor utgjør en sakral og verdig ramme for ofrene etter trolldomsprosessene i Finnmark på 1600-tallet. På mange måter er den i skarp kontrast til Louise Bourgeois installasjon i Flammehuset, som Zumthor har tegnet rammene rundt, kunstverket The Damned, The Possessed and the beloved representerer traumet som trolldomsprosessene er i en historisk kontekst.

Det var òg verdt å nemne at studiet av hekseprosessane ikkje berre er eit emne for historie og religionsvitskap, men noko alle vitenskapane har ei meining om. Studiet vårt kjem til å fokusere på det historiske perspektivet, og han gjekk da over til å omtale bruken av hekser i historie og historieforteljing. Er det greit å popularisere liding?

Hekseprosessane er ikkje noko som er over. I fleire andre delar av verda, særskilt i Afrika, men òg spesielt i Sør-Amerika, er det fortsatt eit problem, og særs i Afrika ser det ut til å vere eskalerande. Det kan òg sjå ut til at det på tur tilbake i Europa. Det spesielle no, imidlertid, er at me har kunnskap om kva som gjorde at hekseprosessane tok slutt på utover 1600-talet – kva samfunnsendringar, ideologiske endringar og kunnskap som gjorde at dei såg det som rett å avskaffe. Korleis kan me nytte denne innsikta til å få bukt med problemet oppblomstring i dag?

Noko av det me må forstå, er at hekseriforfølging blei gjort til ein teoretisk vitskap. Grunnlaget for demonologilæra, var at det var den verst tenkte lovbrotet ein kunne gjere. Kong Jakob Ⅶ av Skottland og Ⅰ av England er den einaste statsleiaren som skreiv eit «vitskapleg» arbeid om dette; eg tenkjer da på Daemonologi. I 2014, då eg tok HIS-3022, Trolldomsprosesser i Europa på 1600-tallet med hovedvekt på kildestudier og demonologi, skreiv eg ei eksamensoppgåve om dette (eg fekk A i emnet, så oppgaven skal vere solid); eg har gjort oppgåva tilgjengeleg via Google Disk, for dei som skulle ønske å lese ho.

Ein kan tenkje seg at dei som nørar opp under bålet for den moderne heksejakta, nok heilt sikkert kjenner til dei gamle arbeida. Heksehammaren er nok godt lese, og det meste som kan mistolkast i Bibelen er nok mistolka som best kan gjerast.

Kvifor, kvifor, kan ikkje folk lære seg at det heiter malleus, ikkje malleus? Det er eit så viktig ord for trolldomsforsking, at alle som forskar på det, studentar, masterstudentar, forelesarar – uansett nivå – burde greie å lære seg det. Boka heiter altså Malleus malefirum. Og dessutan: C-en skal uttalast K, òg i middelalderlatinsk uttale, av di den etterfølgjast av ein mørk vokal. (Om det var ein lys vokal etter, er uttalen i middelalderlatin s (skandinavisk), ts (tysk) eller tsj (italiensk).)

Sentrale spørsmål, som me i dag har stort utbyte av å svare på, er tredelt: Kva starta hekseprosessane? Kven blei tatt og kvifor? Kva avslutta hekseprosessane?

Hekseprosessane var ikkje eit middelalderfenomen, sjølv om det var ein og annan sak da òg; dei er eit produkt av seinare tankegods, og høyrer difor til renessansen og byrjinga på moderniteta vår. Grunna til at me veit så mykje om prosessane i Finnmark, i motsetnad til Troms og Nordland, er at dei i Finnmark hadde særs gode rutinar for føring av rettsprotokollane. Finnmark skiljer seg ut i andre høve og: Hekseprosessane var eit nytt fenomen juridisk, for no – i motsetnad til tidligare tiders praksis – blei kvinna myndiggjort og sjølv ansvarleg for handlingane sine (i motsetnad til faren, mannen eller formyndaren/vergen hennar). Rundt ⅘ av «forbrytarane» var kvinner, men blant samane var forbrytarane menn; dette er særs uvanleg såvel i nasjonal som i internasjonal kontekst.

Han gjekk vidare over på nokre definisjonar. Han påpeikte at me, for å kunne følgje forelesningane og pensumlitteraturen riktig, måtte forstå ein del nøkkelomgrep.

I The Oxford Handbook of Witchcraft in Early Modern Europe and Colonial America (Oxford University Press, Oxford 2013), forteller Richard Kieckhefer at:

The chronicle of Hans Fründ, written in German at Lucerne between 1428 and 1430, refers to witches (Hexsen) in the French-speaking part of the Valais who are guilty of evil, heresy, and sorcery (boßheit und ketzerÿe und zŏberÿe).

Richard Kieckhefer: The First Wave of Trials for Diabolical Witchcraft, OHoW, ss. 160f.

  • Omgrepet brukt om lovbrotet endra seg frå gamal tid til tida hekseprosessane skjedde:
    • engelsk «sorcery» blei til «witchcraft»;
    • tysk «Zeuberei» blei til «Hexerei»; og
    • norsk «trolldom» blei til «hekseri», men sjå merknad nedom.

Hekseri blei det nye superbrotsverket, ei viktig utvikling. Men ein bør merke seg at ingen av dei nordiske landa tok i bruk det nye ordet; me beheldt det gamle så lenge prosessane vara (den siste norske heksebrenninga var i 1696); hekseomgrepet me nyttar no, kom først på 1700-talet i diskursen vår (altså etter at prosessane var over her), som med Holberg sine epistlar. Difor, i Noreg og Norden:

  • kvinnelege hekser: trollkvinner
  • mannlege hekser: trollmenn
  • barnehekser (< 12 år): trollungar
  • fleirtal: trollfolk

Mest alle demonologar var sams om ein del definisjonar og handlemåtar:

  • Hekseri var eit unntakslovbrot; dermed var det lov med «tiltak» som domstolane elles ikkje tillét. Eksempel på dette var tortur og vannprøve.
  • Diabolisme: Alle trollfolk utøvde per definisjon diabolisme, implisitt (uvitande) eller eksplisitt (sjølvvalgt). Kunne ein påvisast å vere eit trollfolk, var det dermed ikkje nødvendig å skuldast for andre gjerningar.
  • Maleficium: Svart magi, ikkje nødvendigvis knytt til Satan. Frå Lewis & Short:
    • mălĕfĭcĭum, -ĭi, n. maleficus,
    • I. an evil deed, misdeed, wickedness, offence, crime. […] B. In partic. (mostly post-Aug.): 1. Fraud, deception, adulteration […] 2. Enchantment, sorcery […]
    • II. Transf., mischief, hurt, harm, injury, wrong inflicted (acc. to maleficus, II.) […]
  • Forskjellen på omgrepa var kven som brukte det: «diabolisme» var for intelligentsiaen, medan «maleficium» var brukt folkeleg.
  • Signeri: Kvit, legemagi. Etter synet til dei intellektuelle, stod Satan bak signeri òg; dette var i motsetnad til kva folket tenkte.
  • Forgjering: Å forgjere (bm: forgjøre) var å magisk skade ved å forårsake uhell eller ulykker.

Eg hadde nokre spørsmål som det ikkje var tid til å få svar på, mellom anna kvifor trolldom og trollkontakt blei straffa mildt i førreformatorisk tid, når det samstundes blei omtala som ein særs alvorleg ting å gjere. Det var fleire ting, men det blei aldri tid til å spørje om det, og eg noterte dei ikkje ned; om eg kjem på dei, skal eg tilføye dei her. Dessutan bør eg nemne at eg har ein video heime som var del av eksamen eg lenka til over. Når eg finn han att att, skal eg dele han her.

Korleis sett ein inn bilete frå Google Drive på nettsider?

Bruk overskrifter fra h4 til h6.

Dette har plaga meg lenge. Eg har ein del bilete eg ønskar å bruke på bloggen min (og i andre samanhenger) som eg har lagra på Google Drive, men har til dags dato ikkje funne ein måte dei kan visast på når ein brukar img src="". Løsninga var – ikkje overraskende – å finne på StackOverflow:

  • I Google Drive, åpne deling for fila og kopier lenka
  • Når du skal sette inn biletet, t.d. via img eller på eit forum, endre Open? til uc?