onsdag 15. juli 2020

Blåtur i Hardanger Ⅰ

Tromsø til Mo i Rana

Her kan du lese den andre posten om blåturen til Hardanger. Den er òg lenka tilbake hit.
Bilde teken frå ferga frå Lødingen–Bognes. Fotograf: Tor-Ivar Krogsæter

For halvanna veke sidan dro Erik-Johan og eg sørover for å besøke Yngvild i Odda. I Odda? På Odda? Vel, det er inst i ein fjord, så «i Odda» høyrast riktigast ut. Sidan Kjersti er på utgraving på Hålogalandsvegen, drog me innom ho så me skulle få helse på kvarandre og ho på pusane, før me drog med ferga Lødingen–Bognes i staden for Skarberg–Bognes. Ho er litt lengre, men me brukte ikkje særleg mykje lengre tid på å køyre den ruta i staden for den vanlege, og turen var uansett meir behageleg slik. Så der har de dét reisetipset.

Kattene som ligg i katteburet på dørken i bilen og kosar seg med kvarandre. Fotograf: Tor-Ivar Krogsæter

Me køyrde ned til Mo fyrste dag, der me overnatta hos ein spelkompis av Erik-Johan, som diska opp med heilt suveren grillmat og gode kameratar; det var ein skikkeleg, god, gamaldags nordnorsk grillfest, der me satt ut i dei seine soltimane. (På denne tida av året var det ikkje midnattsol på Mo lenger, men lyst nok var det lell.) Kattene var med på turen, og dei hadde det fint saman. Kjersti og eg var so glade for at Begolas kom heim i tide! Han hadde vore borte ein dryg månad, og kom heim i tretida natta før avgang, i finfin form, slank og sterk, og veldig, veldig kosa. Dei slest ein del då han kom inn, men det tok ikkje lange tida på dørken i bilen, før dei lå og sov saman, heldt rundt kvarandre, vaska kvarandre og hadde det fint.

Tips til lange turar med katter

Nokon lurar kanskje på korleis det går å ta med kattene på ein so lang køyretur. Det er heilt uproblematisk, i alle fall når ein har vent dei til det frå dei er små. Dei har det aller best når dei ikkje får ete på dagen dei reiser. Hugs at katter er rovdyr, så dei tar ikkje skade av å gå ein dag (eller to for den saks skuld) utan mat (kilde: veterinæren i Isfjorden). Eg gav dei mat og vatn på kvelden før avgang. På morgonen fekk dei inkje. Eg la dei i buret saman; dei har det betre da, og for våre katter sin del, har dei det aller best om dei får liggje på dørken i bilen og kjenne motorduren, og ikkje minst om dei får gjere det saman i same buret. Etter ei ri opnar eg burlokket, så dei kan stikke hovudet opp når dei vil, men dei hoppar ikkje opp ein einaste gong i løpet av slike turar; dei berre ligg og slappar av. På kvelden får dei ete litt (ikkje mykje), drikke alt det vatnet dei vil, og i løpet av natta går dei på do, slik at dei slepp å bli plaga av det i løpet av dagen.

Saltfjellet og vegen vidare sørover

Sidespark i skinnjakke på polarsirkelen på Saltfjellet. Fotograf: Erik-Johan Henriksen

Ingen ferie utan sidesparkbilete! Erik-Johan hadde aldri krysset Saltfjellet før, så vi stoppa på toppen og gjekk ein tur innover mot dei gamle merka for å sjå om me kunne få eit bilete attmed dei, men det var framleis for mykje snø til det. Eg fekk no likevel sidesparkbiletet mitt, som eg la ut på Spond til sommerbiletesamlinga til partiet mitt. Og no i dag har dei to hjelpeinstruktørane som er tilknytt partiet mitt også lagt ut bilete; det var veldig triveleg.

Vegen vidare gjekk støtt og fint. Pusane låg godt og kosa seg, og på kveldinga kom me fram til Veblungsnes, der me skulle vere til tidleg ettermiddag neste dag. Me planla turen via Dovre så Erik-Johan skulle få sjå og oppleve korleis det er å kome inn i Romsdalen og ned i den trange dalen frå Medalen og nedover. Diverre var det overskya mykje av vegen, så han fekk ikkje sjå det i all si prakt, men han var likevel – som Yngvild hadde sagt det, trur eg – «øvegøven». Det er noko verkeleg majestetisk med dei.

På Veblungsnes var det koseleg. Mamma, pappa og bestemor hadde gledd seg veldig, og me la opp til at eg skulle få formiddagen med bestemor så eg fekk helst ordentlig på ho. På kvelden satt me og spiste heimelaga hjortekaker med tyttebær på og prata med mamma. Dagen etter gjekk eg ned og helste på bestemor. Eg hadde laga eit kryssord til ho i bursdagsgave (eit grueleg vanskeleg eit har eg funne ut seinare, men meir om det i neste post) og ho gledde seg veldig til å prøve det.

Vegen til Odda

Kattane fann seg raskt til rette heime på Haugen. Og me var klare til avgang i rundt tretida. Køyreturen var fin. Erik-Johan hadde køyrt heile første dagen, sidan eg var for trøytt til å køyre; dag to hadde eg køyrt store delar av strekninga, særleg mot slutten; dag tre valde Erik-Johan å køyre heile vegen. Eg leste frå Ringdrotten på vegen nedover, som han likte godt, og medan eg gjorde det, kom me til alvane, der me òg fekk høyre både Bilbo si vise og ein alvesong. Eg fann til mi store glede ein ljuv melodi raskt, og noterte han ned; kan hende skriv eg han inn og arrangerer han og legg han ut her seinare.

Det dårlege vêret heldt seg på turen inn Hardanger, men turen var fin lell. Me tok ein avstikkar frå den vanlege ruta over ein fjellveg (som til tider var betre enn hovedvegen, men mykje av han var på grus), og endte opp i ei fjellbygd der me fann eit heimebakeri som selde rjomebrød. Hadde me ikkje tatt snarvegen (som me faktisk spara tid på), så hadde me aldri truffe den trivelege dama. Men så kom me oss til slutt på vegen inn fjordtarmen mot Yngvild. Det var lett å sjå når me nærma oss Hardanger, for plutselig poppa det opp epletre overalt me kunne sjå. På bileta over ser de dei tunge skyane som låg over dalen. Men det var ingen tunge skyar å sjå hjå frk. Agatha Christie då me kom, so navngitt etter Poirot-barten ho har. Attmed Yngvild renn ei vid, kraftfull elv, som var utruleg behageleg å sove til. Eg saknar lyden av vatn frå då me budde i Isfjorden; eg låg med opent vindu kvar einaste natt der.

Takk til deg om du leste heilt hit. Eg kjem til å fortsette denne seinare, for eg hadde de så utruleg triveleg der, at det er vel verd å skrive nokre reisebloggpostar frå.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.