fredag 19. juni 2020

Symbolar for metrikk i poesi (Unicode)

Eg har hatt god nytte av metrikksymbola i særleg den siste eksamenen eg skreiv. Mange stader finn ein skrivemaskinaktige tilnærmingar til å syne metrikken i tekst, med å til dømes bruke ein u for ⏑ (brevis), men dette ser høgst uprofesjonelt ut. Som venta er alle desse symbola definert i Unicode, og i utgangspunktet skal alle symbol som brukast i verda ha sitt eige kodepunkt. For arsis (langt slag) brukar ein tankestrek (n-dash, U+2013) og for anceps (tvetydig lengde) brukar ein multiplikasjonsteiknet (U+00d7). Metoden for å legge inn teikna er like enkel i både LibreOffice (kontorprogramvarepakken for frie menneske) og Microsoft Office (for kapitalistiske slavar): Tast den heksadesimale koden og trykk Alt + X.

Heksadesimale (seks-og-ti) har seksten siffer frå 0 til f. 0–9 representerer verdiane 0–9 og a–f representerer verdiane 10–15. Det tosifra, heksadesimale talet af, til dømes, er i titalssystemet lik
[a = 10] × 16¹ = 10 × 1 = 160
+ [f = 15] × 16⁰ = 15 × 1 = 15
= 160 + 15 = 175

Om teiknet du står inntil er a eller e, kjem dette til å bli reikna med som del av talet. Dette kan du løyse med å taste åtte siffer, til dømes slik:

alliga00000306 [Alt + x] → alligă
alligă00000304 [Alt + x] → alligă̄

Dessverre ser ikkje dette ut til å virke når bokstaven du står inntil er U. I så høve anbefaler eg den glimrande sida Amp-What.com. Finn teiknet du vil ha (skriv namnet, Unicode-koden eller html-namnet, eller bare lim det inn, så får du opp alle treff. Klikk på boksen som har teiknet du vil ha, og klikk på det du ønsker å kopiere (teiknet, koden, namnet eller kva det måtte vere).

Ein samla oversikt over teikna er å finne gjennom Brill som ein gjev PDF (v. 1.0.3 26. 2008 av Pim Rietbroek), men eg attgjev han her for enkelheits skuld. I motsetnad til Brill, har eg oppgjeve riktig Unicode-namn på alle teikna heile vegen gjennom (trur eg, i alle fall), og eg har korrigert eit par oppføringar jf. M. L. West: Introduction to Greek Metre, Clarendon Press, Oxford, 1987.

Liste over metriske symbol til bruk i lyrikk

Symbol Namn (i Unicode) Funksjon Unicode-kodepunkt
× multiplication sign anceps 00D7
metrical breve breve/thésis 23D1
en dash arsis/longum 2013 eller Alt+0150
metrical long over short thésis som kan vere arsis 23D2
metrical short over long arsis som kan vere thésis 23D3
metrical long over two shorts to thésiser som kan vere arsis 23D4
metrical two shorts over long arsis som kan vere to thésiser 23D5
◯◯ large circle to posisjonar, minst ein lang 2 × 25EF
metrical two shorts joined to thésiser som høyrer saman 23D6
arc brevis in longō 2312
̭ space, combining circumflex accent below catalexis-indikator 0020 032D
tricolon ordsluttindikator 205D
| vertical line ordsluttindikator 007c
double vertical line periodeslutt eller -byrjing 2016
||| 3 × vertical line strofeslutt eller -byrjing 3 × 007c
circled times byrjing eller slutt på verk 2297
H latin capital letter h hiatus 0048 (eller berre tast H). Merk teiknet og formater det med sups=1.
integral svalehale, ɔ: ordslutt ein posisjon seinare 222B
~ tilde «responsjon», ɔ: i svar med 007E
¨ diaeresis anaklastisk 00A8
́ combining acute accent ictus (slag) 0301
͡ combining double inverted breve bru 0361. Denne er også gjev til å vise elisjonar.
metrical triseme trisem (jf. –⏑) 23D7
metrical tetraseme tetrasem (jf. ––) 23D8
metrical pentaseme pentasem (jf [?]) 23D9

Dei som brukar gode kontorprogramvarepakkar, som OpenOffice og LibreOffice, har moglegheit til å leggje til heile aspektet av OpenType-kommandoer i definisjonen av skrifta. Her er eit døme på korleis superskript H ser ut:

Aldri bruk superskript- eller subskript-knappane i programvarane; det einaste dei gjer er å flytte bokstaven opp eller ned og forminske han. Da får du linjer med feil strokbreidde og det ser på alle måtar ut som eit uprofesjonelt ungdomsskoledokument. Du gjer ikkje slikt; du er ein proff.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.