søndag 17. mai 2020

Gratulerer med dagen!

Det er 17. mai, og for fyrste gong sidan krigen skal me ikkje gå i tog. Det er sære tider me lever i; aldri hadde eg trudd at me skulle få oppleve vår tids spanskesjuke, men no er ho no her. Likevel, det er ein flott dag, vêret er kjølig og friskt, og flagget vaiar slik det skal på denne fine dagen. Eg sende ein e-post til partiet mitt, og eg tenkte eg kunne dele 17. mai-helsinga med resten av verda òg, no som eg har fått nyte 17. mai-jordbærkrem saman med kona mi.

Kjære alle saman!

Eg håpar de alle har ein fortreffelig dag i dag. Sjølv har me nytt NRK si sending: Me har sett på gardistane gjere Noreg stolte; me har sunge nasjonalsangen, og det rørte i alle fall hjartet mitt; me har sunge Kongesangen; me har høyrt Sissel Kyrkjebø synge «Se ilden lyse», og da kom det ein liten tåre; og no gjer me klar 17. mai-kake.

Gårdagen var bakedag, og det blei bakt ein sitronpai og eit sukkerbrød (som no blir blautkake pynta med friske jordbær (men ikkje blåbær, for det var det tomt for)).

I år, i motsetning til tidlegare år, blir det jo ikkje nokre 17. mai-tog i det heile, men eg trur mange følte seg samla som nasjon då me hadde felles allsang klokka ett i dag. Eg ser fram til å endeleg få treffe de alle saman til veka, og håpar de tek godt vare på dykk sjølve og får ein strålande dag saman.

Dei beste helsingar
frå Kjersti og Tor-Ivar Krogsæter
부사범 크록새테르 투르이바르 삼 단 셋
Virī virtūtis spem nōn dēdunt.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.