torsdag 30. august 2018

HIF-1300: Likestilling. I: Første forelesing og seminar

Første forelesning

Eit av dei nye emna eg tek, innanfor fag eg ikkje har hatt før, er HIF-1300 Likestilling. Jeg har ingen anelse om hva HIF står for, og finner det ikke på UiT si hjemmeside, men det er nå uansett ikke viktig.

Førsteinntrykk og innhald

Då eg kom inn i seminarrommet, må eg seie at eg vart kanskje ikkje overraska, men noko skuffa, over å sjå at eg var den einaste mannen som skulle vere med. Kor er alle dei andre karane? Finnast det nokon grunn til at ikkje karmenn skal lære om likestilling og kjønn? Tydelegvis har dei meir arbeid å gjere for å få karane til å melde seg på, men eg skulle ikkje forundre meg om senternamnet i seg sjølv er grunn nok til å forklare at det ikkje kjem søkjarar (i motsetnad til «søkjarinner») dit; eg har sjølv tidlegare snakka om korleis eg synest senternamnet i seg sjølv er problematisk, på same måte som at eg mislikar siste ledd av første paragraf i den nye likestillings- og diskrimineringslova.

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering

Den nye lova – likestillings- og diskrimineringslova – blei rettskraftig 16. juni 2017, og fekk mykje omtale då. Då ho kom, bestemte eg meg for å lese gjennom heile lova, og som mange andre kommenterte: Første paragraf var skuffande. Kva fan rettferdiggjer at eitt bestemt område av likestillings- og diskrimineringsproblematikken skal framhevast over alle andre? Les sjølv:

Kapittel 1 Innledende bestemmelser
§ 1. Formål

Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person.

Med likestilling menes likeverd, like muligheter og like rettigheter. Likestilling forutsetter tilgjengelighet og tilrettelegging.

Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling. Loven skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer, og hindre at nye skapes.

Du kan lese ho sjølv på Lovdata.

Ja, sjølvsagt er det viktig å bedre stillinga til kvinner, og til minoritetar, men kva med eldre? Transseksuelle? Aseksuelle? Ikkje-religiøse? Alle – alle! – risikerer å utsetjast for diskriminering. At kvinner skulle fremhevjast (med å stå først) er ikkje god grunn til, for ein kan velje å definere minoritetar som einkvar person eller eikvar gruppe som i ein gitt situasjon er underdanig. Ein kunne ha oppnådd eksakt det same med å skrive berre «minoritetar», eller enda betre med å utelate setninga i det heile.

Det første me gjorde, etter å ha fått noko kjapp informasjon, var å presentere kvarandre. Eg syntes dette var ein hyggeleg måte å starte på. Ho eg introduserte, var der for generell interesse, ønske om å få nye perspektiv, tok årsstudiet for å venne seg til studiesituasjonen, og håpa å lære noko nytt og få nye tenkjemåtar.

Etter at alle var presentert, snakka prof. Lotherington litt om innhaldet i kurset. Dei ønskar å presentere livsreisa med kjønnsperspektiv: Som barn finn me kjønnet vårt; som ung voksen tar me til med studia, og finn kjønnsidentiteta vår der; deretter er det arbeidslivet for dei fleste, der kjønn kan ha mange funksjonar; og parallelt med det stiftar dei fleste etter kvart ein familie, der kjønn kan ha mykje å seie for korleis ein stiller seg til kvarandre; kulturfeltet er noko me har med oss heile livet; og til sist kjem alderdomen, med nye syn på tilveret.

Studia og studietur

Det er visst slik no at alle studentar skal til utlandet i løpet av studia sine. For årsstudiumsstudentar er det sjølvsagt ikkje pengar til å reise bort i månadsvis, men ein ekskursjon, det får me. For studentane på HIF-1300 inneber det at me skal på ekskursjon til Umeå, byen som har som mål å vere verdas mest likestilte by. Det blir ein tur frå sø. 23. til on. 26. september, med ankomst ein gong på tidleg ettermiddag onsdagen. (Som naturlegvis gjer at det kolliderar med vegleiinga til arbeidskravet i HIS-1020.)

Kva gjeld arbeidskrav, får me eit individuelt arbeidskrav; dei har hatt dårlege erfaringar med gruppearbeidskrav tidlegare, mellom anna kva gjeld vurdering. Me skal anten gjere eit feltarbeid i Umeå, eller analysere eit sjølvobservert fenomen. Me skal levere ein presentasjon på 10–15″ og ein 3–5-siders tekst. Noko av det viktigste er at me viser tydeleg at me har opparbeidd eit omgrepsapparat og -forståing, så det er god grunn til å lese teorien.

Eksamen kjem til å fokusere på det same. Me får nokre oppgåver der me skal forklare ulike kjønnsrelaterte omgrep. Deretter får me tre oppgåver som me skal velje to av, og bruke omgrepa me har lært i ein samanhengande tekst.

Avslutning av forelesning – og kvinnesjåvinisme

Til slutt hadde me ei oppsummering. Ho fortalde då at ho hadde blitt spurt av NRK om dei kunne lage ein spørreleik til eit program dei skulle lage om likestilling. Ho ønska å teste den ut på oss, og temaet var «Kor mykje feminist er du?»

Det høyrast jo greit ut, og kan vere eit interessant spørsmål. Skjønt eg, som fleire andre eg har høyrt og lest om, har problemar med at «feminisme» på eit eller anna vis skal bety det som omhandlar alle kjønn. Kvifor kallar man det ikkje då for «generisme»? Av latin gĕnus, -ĕris, frå gresk γένος. Me satte jo i gang, og det var noko fliring. Ikkje så rart, for spørsmåla var til dels latterleg formulert.

Første spørsmål var noko sånt som Du står og henger opp klærne, og det går opp for deg at samboeren allerede sitter og surfer på Nettet. Hva tenker du? Det høyrast jo heilt uproblematisk ut, og er eit godt nok spørsmål i og for seg, til ei slik utspørjing. Men så var det svaralternativa då. Første alternativ var omtrent Det gjør ikke noe. Han vant sikkert i stein–saks–papir. (Mi utheving.) «Han»? Kvifor ikkje «Ho vant (…)»? Eg byrja sjå tendensen. Det var eitt spørsmål om at professoren eins inviterer ein heim på kaffe, etterfulgt av ei setning som gjorde det klart at professoren var ein mann (igjen personleg pronomen 3. person eintal). Eg tenkte for min del to ting då: «Kvifor ikkje Synnøve?ͧ og at «Om Richard hadde gjort det, hadde eg jo blitt glad og takka ja!» Eg skjønte så klart kva spørsmålet var ute etter, og det var naturlegvis ein mannleg professor som skulle potensielt antaste ei studine. (Ja, eg veit at slike kjønnsbestemte substantiv ikkje fell i god jord lenger, men eg har då òg møtt på kvinnelege servitørar som hardnakka insiterer på at I e da for fan ikkje nokken servitør‽ Servitrise!.

Tre av spørsmål var det ikkje mogleg for meg å svare på i det heile tatt, då eg har feil kjønn. Fleire av dei andre spørsmål stod valget mellom dei minst irriterande alternativa. I det heile ga spørsmåla meg inntrykk av å tru at alle forhold består av mann og dame, der han er lat og gjer ingen ting heime, eller han er ein antastande voldsmann, eller han er [sett inn det militantfeministiske synet ein enn måtte ha på menn her]; ho er hardtarbeidande og frilynt, men lid under husmorsåket og «kvinneproblem». Det var som om heile ramma for spørsmåla var misnøgde folk frå 70-talets frigjeringstid.

Å få slikt i fleisen som avslutning på første forelesing/seminar, var inkje anna enn irriterande. Eg var forbanna då eg gjekk derifrå; eg trudde verkeleg at me hadde kome lengre enn som så. Er det slik det skal vere, og er det slik det er i kjønnsforskarmiljøet (eg har skrive om noko liknande tidlegare), undrast eg over hodet ikkje over at ingen andre menn hadde søkt seg dit. Det kan visst bli eit krevjande årsstudium.

PLASSERING: Hjemme: Utsikten 30, 9018 Tromsø Kontoret: Registreringssentral for historiske data, Breiviklia 14, 9019 Tromsø Lesesalen: UiT Norges arktiske universitet, Institutt for historie og religionsvitenskap, Klokkargårdsbakken 40, 9019 Tromsø UB: KS-biblioteket, UiT Norges arktiske universitet, Huginbakken 12, 9019 Tromsø, Norge Imladris: Studentforeningen Imladris, Humaniora samfunnsvitenskap og lærerutdanning, UiT Norges arktiske universitet, Huginbakken 10, 9019 Tromsø, Norge

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.